For tredje året på rad vart det arrangert Julemarked i Ulsteinvik. Denne gongen var arrangementet flytta frå Kulturalmenningen og inne og utanfor Blåhuset. Det regna og blåste til tider ganske friskt i helga, så det var nok eitt greitt val. Og kundane såg ut til å finne fram.

I år var det heile 32 utstillarar! Det var alt frå bøker, til smykke, skinnprodukt, søtt og salt. Og mykje anna fint. I biletserien over kan du sjå nokre av utstillarane.