Det var leiteaksjon ved Herøybrua i natt. Eit vitne melde inn at ein person som var sett i området brått vart borte.

Politi, redningsskøyte, lokalt brannvesen og redningshelikopter rykte ut og samarbeidde om å leite.

Etter ei stund vart politiet kontakta av ein person som passa til skildringane frå vitnet. Han fortalde at han var på bura i det aktuelle tidsrommet, alt var ok med han.

Mista førarkortet

Laurdagskvelden stoppa UP ein bilførar i fartskontroll i Ulsteinvik. Mannen i slutten av tenåra køyrde i 82 km/t i ei 50-sone. Dei tok førarkortet frå han.

Aggresiv person på utestad

Frå Hareid kom det inn melding om ein aggresiv og rusa person ved ein utestad. Men då politiet kom fram hadde personen forlatt utestaden.