Denne helga er det mange tenning av lysa på julegranene i mange grender. Fredagskvelden vart juletreet i Hareid sentrum tent. Sundag ettermiddag er det markering og tenning av lysa på grana i Ulsteinvik sentrum.

Men ikkje nok med det. Det er også tenning av grana i Haddal, Eiksund, Hasund og Bigset. Og kanskje fleire også?

Vikebladet Vestposten har ikkje høve til å vere i alle grender å ta bilete av at lysa blir tende, men me tek gjerne i mot bilete.

Send eit bilete til redaksjon@vikebladet.no

God advent!