Første sundag i advent var det klart for tradisjonstru tenning av julegran i Hasund krins.

Hasund  og Dimnøy skulekorps arrangerte musikkafe der aspirantane fekk debutere attmed skulekorpset, og fleire av korpsmedlemene fekk 5 års medalje.

Søndagsskulen ved Margit Sundgot Aarland hadde eit nydelig innslag med song, tekstlesing og tenning av det første adventslyset.

Stig Vattøy hadde ein fengande og fin appell med lys som tema.

Elin og Andreas frå skulekorpset leia oss igjennom ein fin adventskveld med nærmare 300 frammøtte.

Mvh

Marianne Vågen Langeland

Leiar I økonominemnda i Hasund og Dimnøy skulekorps