Barnebarnet hennar, Siri-Lill Moldskred Hasund, gav sjekken til leiar Cecilie Lund og nestleiar Frode Tilseth frå Barnekreftforeningen Møre og Romsdal. Til saman hadde Moldskred samla inn over 130 tusen kroner dei siste vekene.

– Eg er veldig fornøgd og takksam, dette var langt meir enn eg hadde venta, seier Moldskred, som er imponert over arbeidet foreininga gjer.

Ho fortel at det har kome pengar både frå butikkar, private og bedrifter, og at ho gjerne vil takke alle saman.

– Eg kan til dømes nemne ein barnehage som hadde haustfest og samla inn åtte tusen kroner, seier ho.