Totalt gjekk talet på omsette eigedomar ned frå 102 i oktober til 87 i november. Samstundes såg ein klar auke frå september til oktober, frå 64 i september, og også november ligg klart over dette.

Les også: Klar auke i oktober

Samanlikna med oktober går talet på omsette eigedomar ned i Ulstein, Herøy og Sande, medan Hareid går fram.

Faktisk var det like mange eigedomstransaksjonar i Hareid som i Ulstein den siste månaden, med 22 i begge kommunane. I Herøy gjekk ein tilbake frå 41 i oktober til 36 i november, medan Sande gjekk frå 11 til sju.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.