(NPK-NTB–Mette Estep): Undersøkinga frå DNB, utført av Respons Analyse blant eit representativt utval av befolkninga, teiknar eit tradisjonelt kjønnsrollemønster knytt til jul- og nyttårsfeiring og ferie.

På spørsmål om kva som er svært viktig for folk i jula, svarer 81 prosent av menn at dei er opptatte av god mat, 78 prosent kryssar av for samvær med familien og 61 prosent syns det er viktig å slappe av.

Topp-tre-viktiglista til kvinnene har samvær med familien på topp, 89 prosent ser det som svært sentralt. Deretter kjem maten, 85 prosent syns det er svært viktig, og så kjem juletre, pynt og avslapping på delt tredjeplass med 67 prosent.

Dei største forskjellane ligg i kor viktig tradisjonar som julesongar, juletre og julepynt er, der svarer rundt dobbelt så mange kvinner som menn at dette er svært viktig for dei.

Kvinner tar ansvar

Sosiolog Kristine Warhuus Smeby har skrive doktoravhandling om likestilling og har blant anna funne at det er før jul at dei største kjønnsforskjellane slår inn i familiar.

– Likestillinga er komme langt i det at vi deler meir på husarbeid og omsorgsoppgåver. Men det mentale arbeidet, det er det ofte kvinner som tar seg av. Før jul er det mykje som skal planleggjast og organiserast. Det er sterke forventningar til at kvinnene steller i stand og skapar stemninga, og mange kvinner føler på det. Det er liksom ikkje forventa at far i huset skal lage den adventskalenderen, seier Smeby, som til dagleg jobbar ved Dronning Mauds Minne og Institutt for lærarutdanning, NTNU.

I undersøkinga er kvinner generelt meir opptatte av fleire element og kryssar i snitt av for 5,8 svært viktige ting. Menn kryssar av for 4,7 ting. Delen som kryssar av for dei ulike julefaktorane er gjennomgåande høgare for kvinner enn for menn, bortsett frå eitt punkt: Festing med venner. Det syns 24 prosent av menn er viktig, mot 20 prosent av kvinner.

Knapp tid gir stress

Smeby har i forskinga si funne at så lenge det er tid nok, kosar nokon – men ikkje alle – kvinner seg med julearbeid og -førebuingar. Det er når tida er knapp, at det blir stress.

– Det er krevjande å ha full jobb og gjere alt dette i tillegg. Kvinner har også ofte ei ganske sterk oppfatning om det estetiske, pyntinga, korleis ting organiserast. Samtidig ser vi at fleire føler det som ei lette om mannen trør til, seier ho.

Gåveinnkjøp er eit område mange syns blir slitsamt, men også her er det kjønnsforskjellar. 39 prosent av menn kunne tenkt seg ein gåvefri jul, mot berre 25 prosent av kvinnene. Mens 24 prosent av menn nemner gåver som noko av det viktigaste med jula, seier 37 prosent av kvinner det same. Kvinner kjøper i snitt 14 gåver til jul, menn kjøper ni.

Bruker pengar ulikt

Meir enn dobbelt så mange menn som kvinner ønsker seg ikkje noko til jul eller veit ikkje kva dei vil ha. Blant menn og kvinner som faktisk har gåveønskje til jul, har kvinner i snitt 3,9 ønsker, mens menn har 2,5.

Når det gjeld pengebruk er kvinner og menn temmeleg like når det gjeld kor mykje dei skal bruke og i kva grad dei syns dei bruker for mykje eller for lite.

Korleis dei fordelar potten er likevel ganske forskjellig. Kvinner planlegg å bruke litt meir pengar enn menn på gåver, pynt, klede og sko, julekalender, julekort og pakker sendt i posten.

På tre område planlegg menn å bruke meir enn kvinner, mykje meir: 67 prosent meir pengar på fyrverkeri, 44 prosent meir på julebord og uteliv, og 22 prosent meir på nyttårsfesten og 8,7 prosent meir på matinnkjøp.