Ulstein Arena

Ulstein Arena "by night". Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal løyver ein god slump pengar til uteområdet ved Ulstein Arena, i tillegg til ein sum som skal gå til Hareid kommune sitt forprosjekt "Omstilling og nyskaping i Hareid". Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.

Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal:

Pengar både til Ulstein Arena og omstilling i Hareid

I det siste møtet i Regional- og Næringsutvalet for året blei Hareid kommune tildelt 500.000 kroner til omstilling og nyskaping, medan Ulstein kommune får nesten 3 millionar kroner til uteområdet ved Ulstein Arena.

Det var Hanne Notøy, Arbeidarparti-politikar i Ulstein og nestleiar i Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal, som kunne fortelje om nyheita etter møtet som gjekk av stabelen tysdag.

- Med 500.000 kroner til forprosjekt "Omstilling og nyskaping i Hareid" og 2.993.000 kroner til delfinansiering til uteområdet ved Ulstein Arena, er det ein særs fornøgd fylkespolitikar som er på heimveg etter årets siste møte i Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal. Takk til politiske kollegaer som støtta prosjekta samrøystes, skreiv Notøy på sin Facebook-profil.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre