Kommunale og fylkeskommunale møtepapir kan vere ganske tørre saker, men formuleringane i tilrådinga om å løyve nesten tre millionar til uteområdet utanfor Ulstein Arena var slik at Hanne Notøy (Arbeidarpartiet) fekk gåsehud og ein tåre i augekroken.

Der står at opp gjennom åra har fylkeskommunen løyvd ganske store summar til tettstadutvikling i Ulsteinvik. Ein kan spørje seg om dei ikkje snart er ferdige. «Svaret på det er at ein kommune, tettstad eller by aldri blir ferdig med å utvikle eit attraktivt sentrum. For Ulstein sin del er dette del av ein langsiktig strategi for ein kommune som over tid har hatt sterk folketalsvekst.» står det.

Ulstein får ros for å samarbeide så godt med fylkeskommunen og ikkje minst næringslivet. Trepartssamarbeidet har gitt resultat og Ulstein har fått nasjonale prisar.

«Frå fylkeskommunen si side ser vi det som viktig å at vi får opp nokre «fyrtårn» som viser andre kommunar kva som er mogleg å få til av stadsutvikling, og at dette kan ha smitteeffekt. Ulstein er eit slikt fyrtårn» skriv dei.

Legg nasjonal bylivskonferanse til Ulsteinvik

I tilrådinga står det at fylkeskommunen er så stolt over Ulsteinvik at dei neste år legg den nasjonale Bylivskonferansen 2018 til nettopp Ulsteinvik. Då vil tettstadarbeidet i Ulstein bli brukt som døme for andre byar og tettstader frå heile landet.

Mange godord

Notøy fortel at det vanka mange godord frå dei andre medlemene i utvalet for måten Ulstein har tora å satse på. Kommunen er flink til å finne pengar å søkje på.

– Det var mykje åtgaum til det Ulstein har fått til, fortel Notøy.

Ho vil rette ei stor takk til næringslivet i kommunen.

– Dei er rause med å investere pengane inn igjen i Ulstein. Me er heldige, slår Notøy fast.

Ho trur nok at det at industrien er lokalt forankra er viktig for at dei har vilje til å investere store pengar i lokalsamfunnet.

Næringsutvikling i Hareid

Hareid kommune får 500.000 kroner til omstilling og nyskaping. Også dette vedtaket var samrøystes i utvalet.

Hareid kommune har høg arbeidsløyse, noko som har fleire årsaker. Sesongvariasjonar i bedriftene sin aktivitet, høg innvandring og låge bustadprisar, som har gjort at fleire med svak tilknyting til arbeidslivet har valt å busetje seg i Hareid, står det i sakspapira til utvalet.

Hareid er ein utprega industrikommune, også samanlikna med resten av Møre og Romsdal. Det er ein høg del av bedriftene i sekundærnæringar som industri, og bygg og anlegg, og tilsvarande låg del av bedrifter i sørvisnæringane.

God gründeraktivitet

Men det er god gründeraktivitet i Hareid. I 2016 var det registrert 297 føretak i drift i Hareid. Det vart registrert 40 nye føretak i løpet av året. Dette gir ei etableringsgrad på 13 prosent, noko som er høgare enn fylkessnittet.

Etter 14 år på Robek-lista har Hareid kome ut av lista, og ønskjer å ta grep om samfunnsutviklinga. Kommunen har innleia eit samarbeid med Hareid næringsforum og dei har søkt fylket om pengar til eit prosjekt dei har kalla «Omstilling og nyskaping i Hareid».

Regional- og næringsavdelinga har hatt ein konstruktiv dialog med Hareid kommune og næringsforumet gjennom fleire møte, vurdering av prosjektutkast og overføring av erfaringar frå prosjektet Vekst i Stordal.

Målet med søknaden er å få 200 nye arbeidsplassar i Hareid dei neste fem åra og å få ny aktivitet i tomme lokale. Prosjektet skal også auke folketalet med 1 prosent i denne perioden, og skatteinntektene til kommunen med 10 prosent same periode.

Notøy fortel at fleire i Regional- og Næringsutvalet skrytte av Hareid som tar tak og lagar seg eit prosjekt der dei blir rigga for framtida.

Hanne Notøy vart rørt over all rosen Ulstein kommune fekk. Foto: Arkiv
I haust var Olav Bratland frå Vekst Stordal og snakka for Hareid næringsforum. No får Hareid kommune og næringsforumet støtte til å tilsette ein prosjektleiar. Foto: Hareid kommune.