Det var Sysla.no som først skreiv om denne saka på sine nettsider. (Ekstern lenkje). Alf Rune Kalland representerer om lag 100 tilsette i Ulsteinvik-baserte Island Offshore som har SAFE som fagforeining. Sysla skriv at SAFE no er i full klinsj med leiinga i reiarlaget.

– Det er heilt hårreisande det dei prøvar på her, seier Alf Rune Kalland i SAFE til Sysla.

Konflikta starta få dei to brønnintervensjonsfartøya Island Wellserver og Island Frontier gjekk av kontrakt med Statoil i oktober i år. I alt 160 tilsette blei permitterte. Så skjedde det som har fått fagforeininga til å reagere kraftig.

Island Offshore sendte ut ei stillingsutlysing, der det kom fram at reiarlaget søkte etter totalt 24 sjøfolk. Desse skulle inngå i eit klassings- og opplagsteam. Eit team som skulle utgjere staben om bord i dei to båtane i perioden fram til Island Wellserver og Island Frontier er tilbake på kontrakt med Statoil 1. april 2018. Wellserver skal ifølgje nettstaden gjennom tiårsklassing, medan Frontier får vedlikehald.

Andre tariffvilkår

Årsaken til at det no har skjært seg mellom fagforeininga og reiarlaget er fordi dei nye stillingane er basert på ein annan tariffavtale enn den dei 160 tilsette som blei permitterte hadde. I tillegg har dei tilsette på den nye tariffavtalen dårlegare vilkår, skriv Sysla.

Sjølv om begge skipa har kjøl, er skipa nemleg som flyteriggar å rekne etter tariffreglane. Det betyr at dei tilsette går på ein såkalla nordsjøturnus (to veker på, fire veker av). Dei tilsette som driftar skipa no blei mellombels tilsett på den såkalla offshore service-avtalen. Fordi dei har denne avtalen jobbar desse meir. Éin periode på og éin periode av.

Dei nye stillingane er fylde, og det skal i utgangspunktet vere slik fram til Statoil-kontrakten byrjar igjen i april neste år. Men, før dette kan konflikta hamne i arbeidsretten, skriv Sysla.

– Å permittere dei tilsette for så å la dei søkje på sine eigne stillingar til dårlegare vilkår, kan vi rett og slett ikkje gå med på, seier Alf Rune Kalland til Sysla.

Rederiforbundet støttar Island Offshore

Om ein skal sjå på det juridiske i saka stridast fagforeininga SAFE og leiinga i Island Offshore kring om opplag og klassing kan sjåast på som verksemd i tariffmessig forstand. I tillegg meiner fagforeininga at det må stillast spørsmål kring lovlegdomen ved å permittere tilsette for så å la dei søkje på sine eigne stillingar og tilsette dei på dårlegare vilkår.

Rederiforbundet støttar Island Offshore-leiinga. Dei meiner det er rett og rimeleg at flyteriggavtalen kun gjeld når fartøya er “i verksemd” på norsk kontinentalsokkel.

Administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein, seier til Sysla at alternativet ville vore å setje selskapet i fare. Han er også klar over at saka kan hamne i arbeidsretten.

– Det er ein risiko mange selskap må ta. Samstundes er det vårt ansvar å gjere det som må til for å halde selskapet flytande, og kunne tilby folk jobb i mange år framover, seier Ulstein.

Som også er ueinig med fagforeningane i at praksisen ikkje er lovleg.