Det har førebels ikkje meldt seg ein eigar til denne fåreribba, som ligg i grøfta i Kaldholen på Hareid.
            (Foto: Einar Orten Trovåg/Facebooksida Nye Hareid.)

Det har førebels ikkje meldt seg ein eigar til denne fåreribba, som ligg i grøfta i Kaldholen på Hareid.Foto: Einar Orten Trovåg/Facebooksida Nye Hareid.

Har du mista ribba di?

I Kaldholen på Hareid har det dukka opp eit aldri så lite mysterium no i desse førjulstider. For kven er det som eig fåreribba som ligg i grøftekanten der?

På Facebooksida Nye Hareid!!!! la Einar Orten Trovåg ut følgjande beskjed tysdag:

"Nokon har mista ei fåreribbe i Kaldholen.

Ligg i grøfta på nordsida av vegen, ca. 200 meter frå huset til Thorleif George Kristiansen - i retning Hareid."

Innlegget har fått ein del kommentarar i haha-kategorien, men ingen ribbeeigar har førebels meldt seg.

Trovåg følgjer difor opp med eit nytt innlegg onsdag, der han også har teke bilde.  Teksta er som følgjer:

"Ingen har henta ribba enno. Så eg har lagt ho opp på kumloket slik ho skal bli lettare å sjå."

Til Vikebladet Vestposten har ribbefinnar Trovåg følgjande kommentar:

- Eg veit av erfaring at det er mange svoltne mosjonistar (eg skal ikkje nemne namn) i området der ribba er funne som sikkert kan la seg freiste til å ta med seg ribba på veg heim frå ein tur og ete ho som kveldsmat. Så eg håper den rettmessige eigaren av ribba ser posten og hentar ho så kjapt som råd.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre