Rådmann Ragnhild Velsvik Berge hadde i si tilråding gått inn for å auke satsen på eigedomsskatten frå 2 til 2,5 promille.

- Høgre-gruppa er ikkje spesielt innstilt på å auke eigedomsskatt-satsen. Vi ønskjer å halde den på 2 promille, sa ordførar Anders Riise (H) som ein kommentar kring denne tilrådinga.

I staden fremja Riise eit endringsforslag. I endringsforslaget kjem det fram at Høgre-gruppa ønskjer eit noko anna utskrivingsalternativ for skatteåret 2018 enn det rådmannen fremja i si tilråding. Slik ser den mest sentrale delen av endringsforslaget ut:

"Med heimel i Lov om eigedomsskatt til kommunane, skal følgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2018:

- Skatten skal gjelde faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom.

- Eigedomsskattesatsen er 2,0 promille.

- Det skal ikkje nyttast botnfrådrag."

Vedtak mot éi stemme

Formannskapet gjorde så eit samrøystes vedtak om å ikkje gå for rådmannen si tilråding. Det vart så røysta over endringsforslaget til Anders Riise. Det vart vedteke med 5 mot 1 røyst.

Framstegspartiet ved formannskapsrepresentant Jeanette Teigene signaliserte tidleg i diskusjonen at partiet ikkje ønskte å støtte rådmannen si tilråding eller ordføraren sitt endringsforslag. Difor stemte Teigene mot i begge høve.

- Eigedomsskatten var meint som ei mellombels løysing for å få oss ut av Robek-lista. No er vi ute. Vi ønskjer heller å sjå på andre løysingar, sa Teigene under møtet.

Kristian Fuglseth (Folkelista) ønskte å signalisere at ein måtte sjå nærmare på botnfrådraget i høve eigedomsskatten.

– Det hadde vore veldig interessant å sjå korleis eit botnfrådrag kunne påverka utrekninga og totalen, sa Fuglseth.