Den flotte peparkakelandsbyen har innslag frå store delar av Hareid kommune. Her finn ein alt ifrå nasjonalmonumentet ved Overåsanden til «Polarstar» i peparkakeform.

Kommunalsjef for sektor for velferd i Hareid kommune, Berit Aasen, er svært stolt av elevane frå skulane i Hareid, som saman har skapt ein stor og fin peparkakelandsby.

– Dette har vore eit samarbeid mellom oppvekst- og velferdssektoren i kommunen. I år er tredje året på rad vi set opp ein peparkakelandsby, og i år var den enno litt større enn den var i fjor, seier Aasen.

Det var kjøkensjefen ved Hadartun, Ann Cecilie Garnes Utgård, og nokre elevar, som stod for den offisielle opninga av av peparkakelandsbyen.

Men ikkje nok med det. Skulane i Hareid varta opp med flott korsong, som var til stor glede for dei tilsette og bebuarane på Hadartun.

Tverrfagleg samarbeid

Aasen fortel at peparkakelandsbyen er eit resultat av eit godt tverrfagleg samarbeid.

– Skulane har til dømes gjort dette til ein del av ulike fag fram mot jul, seier Berit Aasen.

– Ein blandar faktisk inn fleire fag i dette prosjektet, noko vi meiner er både kjekt og nyttig. Matematikk nytta vi då vi skulle måle opp husa, vi var litt innom mat og helse når det gjaldt sjølve bakinga, men vi har også hatt litt om geografien og krinsane i Hareid i samband med dette arbeidet, seier Wenche Jøsok, som er kontaktlærar på femte trinn ved Hareid skule.

Musikkundervisinga er også ein naturleg del av det, med framføring på sjølve opningsdagen.

– Borna gler seg veldig til denne dagen, kvart år. Dette har blitt ein veldig fin tradisjon. Så er det også så kjekt å sjå lokale monument, og ikkje minst «Polarstar» i peparkakeform. Det var spesielt og flott, seier Hege Tretnes, rektor ved Hareid skule.

– Neste år får vi kanskje Hadartun? seier Berit Aasen og smiler.

Kjøkensjefen fortel at det har vore mykje spenning knytt til årets peparkakelandsby.

– Veldig mykje. Både vi som jobbar her og bebuarane har sett fram til dette lenge. Den blei veldig fin, seier Ann Cecilie Garnes Utgård til slutt.