Hege-Marie Ulstein er fødd og oppvaksen på Ulstein. I 2009 flytta ho til Stavanger og har arbeidd både offshore og på ein hudpleieklinikk.

Ho nyttar artistnamnet NilimaArt.

– Nilima er etternamnet på morssida i familien. Dette betyr sterk kvinne og «blueness» på forskjellige språk. Tilfeldigvis er det blåfargen som har trollbunde meg mest. Difor er NilimaArt både eit betydningsfullt og eit personleg artistnamn for meg, seier ho.

Hege-Mari stilte ut for første gong på restauranten Bølgen og Moi i Stavanger.

– Det gjekk over all forventning og eg selde åtte bilte den dagen. I tillegg har det blitt mange bestillingar både frå private og bedrifter etter denne utstillinga. Fleire frå Ulsteinvik som ikkje hadde høve til å komme og sjå denne utstillinga, lurte på om eg ville ta turen til Ulsteinvik og ha utstilling der. Og no skjer det. Eg vil stille ut i Convex-bygget 2., 3. og 4. juledag. Utstillinga heiter «ny touch».

Hege-Mari Ulstein fortel at ho alltid har kjent glede over å arbeide kreativt heilt sidan ho var liten. Nokon kunstskule har ho ikkje gått, anna enn grunnkurs i Teikning, form og farge frå vidaregåande.

– Først for nokre år sidan tok eg for alvor opp målinga att. Etter dette har eg eksperimentert med mange ulike teknikkar, og eg leitar hele tida etter forbetringar i metodar og utforming. Særleg det siste året har eg opplevd betydeleg framgang og utvikling og eg er stolt over å vere så godt som sjølvlært, seier ho.

Ho seier at kunsten hennar bevegar seg mellom det abstrakte og det figurative og at særleg auge fascinerer og inspirerer henne.

– Eg gler meg kjempemykje. Det er spesielt å få stille ut i heimbygda, seier ho.