– Eg har gått og tenkt på om eg skulle kome ope fram, for å sleppe å gøyme meg på noko vis, fortel Gustavsen.

Det har gått nokre dagar sidan lesarinnlegget stod på trykk i lokalavisa Møre i Volda. Reaksjonane har vore positive, stort sett.

«Eg trivs med det, har det godt med det, det er ikkje ein trend, og Gud elskar meg og. Eg er bifil, og stolt av å vere den eg er, skapt som eg er, og finn gleda i livet; som det er», skriv han i innlegget.

Fortalde familien

46-åringen frå Røyset er far til tre, bestefar og gift med Randi. Han har visst om legninga si i mange år, men det var først i fjor han fortalde resten av familien at han kan forelske seg i både menn og kvinner.

– Eg har vel ymta frampå om dette før, men i fjor kom eg i prat med ein kar som er homofil. Han var så seg sjølv, så naturleg. Eg låg vaken om nettene og lurte på kva eg skulle gjere no. Du skjønar, det er ikkje enkelt å ha slike tankar når du lever i eit ekteskap og er far og bestefar, fortel Gustavsen.

Han visste ikkje kva reaksjonar han ville få frå familien, og skriv i lesarinnlegget at det vart mange tårer og samtalar. «Vi er einige om at vi er saman, og det skal vi vere i framtida», skriv han om seg sjølv og kona.

Pride-debatten

Det var debatten rundt det planlagde Pride-arrangementet i Volda/Ørsta neste vår som fekk Gustavsen til å fortelje om legninga si. Heilt sidan 1974 har det vore arrangert Pride-festivalar for homofile, lesbiske, bifile og transpersonar i Noreg, men det er første gong Volda/Ørsta skal ha eit eige Pride-arrangement.

– Eg var i utgangspunktet glad for at det skal vere Pride-arrangement i Volda, eg synest det er spennande, fortel Gustavsen.

Pastor i Nytt Livs Senter i Ørsta, Hans Reite, fekk nasjonal merksemd då han i eit lesarinnlegg i avisa Møre tok skarp avstand frå arrangementet.

«Ingen er skapt som homofil eller lesbisk. Dette vert skapt av synda, miljø og påverknad. Det har vorte ein trend som bør stoppast.», skreiv Reite. Dette fekk 46-åringen frå Røyset til reagere.

– Så kjem altså denne pastoren og påstår at han har greie på dette. Det vart mange harde ord og karakteristikkar som såra folk, seier Gustavsen. Han hadde ei stund tenkt på om han burde fortelje om legninga si til fleire enn dei næraste. Den heite debatten og alle skriveria om Pride Ørsta/Volda sette fart i tankane om å stå fram.

– Eg sette med difor ned og skreiv eit innlegg til Møre, eg tenkte det måtte vere rette plassen, sidan det var der diskusjonen verserte.

Angrar du på at du i innlegget står ope fram som bifil?

– Eg vil seie nei. Innlegget vart som eit vitnemål om mitt eige liv.

Forkynnar

Trond Røyset Gustavsen fortel at han og kona har vore kjærastar sidan dei begge var seksten år gamle. I år feirar dei sølvbryllaup.

– Vi gifta oss det året eg vart omvend eller frelst, i 1992, fortel Gustavsen.

I mange år har han vore tilknytt Frie Evangeliske Betel, Hareid, som no er i ferd med å verte nedlagd.

– Eg har sjølv stått på talarstolar. For å gøyme meg, så har eg snakka negativt om homofili, til dømes. Så du kan seie at eg har gøymt meg godt på ein talarstol, det er ingen som ville ha trudd at eg er bifil.

Han reknar med at han og kona etter kvart finn seg ein annan kyrkjelyd å høyre til.

Har du skamma deg over at du er bifil?

– Eg trur nok at dei fleste som har ei slik legning har meir eller mindre kjent på skam. Men heldigvis har dette vore ei utvikling som har gått over mange år i samfunnet. For meg har det vore godt å ha ein talarstol å gøyme meg på.

Positive reaksjonar

Etter at lesarinnlegget stod på trykk i Møre, la Gustavsen det også ut på sin facebookprofil. Innlegget har fått mange reaksjonar, dei fleste positive. Her er nokre:

«Å være ærlig med og i dette livet må være vårt store mål. Dette har du nå klart. Gratulerer!»

«Det er sånne som deg som vi trenger, spesielt i kristne kretser. Jeg vet at det er folk som lever med noe innabords som de ikkje klarer å være ærlige med. Hvis man ikkje kan være ærlig og bli tatt for den man er i kristne kretser, så har vi ikkje kommet særlig langt. Heldigvis er det mange som opplever at man slett ikkje blir fordømt, men dessverre også mange som opplever det motsatte.»

«Dette var stort og modig gjort av deg gode kamerat»

«Full respekt, Trond! Du er ein ærleg mann  Lykke til vidare, både til deg og Randi og resten av familien.»

– Dette varmar, seier Trond Røyset Gustavsen.

Også pastor Hans Reite har kommentert innlegget, som kan lesast av alle med Facebookprofil:

«Hei Trond. Eg synest dette er berre trist. Vil minne om ordet i 1. Kor.. :9 Der står det mellom anna at menn som ligg med menn IKKJE SKAL ARVE GUDS RIKE. Dette er svært alvorleg. Du kunne ha spart deg dette utspelet. (..) Har sagt mitt og advart deg og ynskjer ikkje meir diskusjon. Hans.»

– Dette var ikkje uventa. Det er rart, så fort det er snakk om at nokon er homofile, bifile eller lesbiske, får folk skitne tankar. Det synest eg dei kan slutte med, for det er ikkje det det er snakk om, seier Gustavsen.

Gler seg til Pride

Gustavsen seier at det har skjedd mykje dei siste dagane, og at håpet hans er han kan hjelpe andre på vegen til å stå fram.

– Eg veit at eg ikkje er åleine innanfor kristne miljø. Tanken min var at mine største kritikarar skulle få lese kva som går føre seg på innsida i eit menneske når ein grundar på stor spørsmål i livet. Dette gjeld menneske som gong etter gong har vorte dømde frå talarstolen, som har fått høyre at dei er på veg til helvete, seier Gustavsen.

Du seier at også du sjølv har forkynt dette. Er du lei deg for det?

– Viss nokon har vorte såra over ting eg har sagt, håper eg dei kjem til meg og seier frå. Då skal dei få ein god klem, seier Gustavsen, og legg til:

– Det finaste som har skjedd etter at eg stod fram, er at det har dukka opp ein emneknagg på sosiale media som heiter #fådetut.  Denne emneknaggen håper eg dei som treng den, brukar. Når vi er i miljø som er vanskeleg å vere seg sjølv i, så må vi få lov til å støtte kvarandre. No må folk få lov til å vere ærlege, seier han.

Trond Røyset Gustavsen fortel at han ser fram til arrangementet som skal vere i Volda/Ørsta i mai neste år.

– Eg skal gå i tog og vise mi støtte. Eg skal glede meg over at det endeleg er Pride i Volda, glede meg over at verda heldigvis går vidare og utviklar seg.