– Eg er heilt overvelda over responsen. Det er veldig kjekt at så mange ønskjer å skaffe seg denne boka, som eigentleg handlar like mykje om tida i Hødd og Ulstein-samfunnet då eg spelte. Det er eit utruleg stort arbeid Åge Grimstad og Fantastiske Osberget har lagt ned her, og eg er veldig stolt over resultatet, seier Kjetil Hasund til Vikebladet Vestposten.

Kjetil mellom to permar

«Fenomenet Kjetil Hasund» er gitt ut av Fantastiske Osberget, og er resultatet av eit enormt arbeid gjennom fleire år. Åge Grimstad har stått i bresjen for prosjektet, og under lanseringa av boka på Ulstein folkebibliotek torsdag kveld, fortalde han om arbeidet som har blitt gjort. Eit arbeid som i dag kan lesast og sjåast som eit slags minnealbum.

Boka er på 646 sider, pluss ekstraomgangar, som bokredaktør Åge Grimstad kallar det, og gir eit unikt innblikk i den fantastiske karrieren til Hødd si største legende gjennom tidene.

Under presentasjonen av boka var Kjetil Hasund aktivt med og kommenterte utvalet av bilete frå boka som Åge Grimstad viste fram på storskjerm. Her blei det mellom anna vist bilete frå dei legendariske kampane på Høddvoll, der det ved fleire høve var opp i mot og over 10.000 tilskodarar på kamp, og vegen frå Hareid til Ulsteinvik gjerne var full av bilar. Somme gonger var det folk som først kom fram til stadion når kampen var over, fortalde Hasund og Grimstad.

– Det var eit enormt engasjement kring Hødd den gongen. Eg føler denne boka viser dette godt, og eg er veldig glad for at vi no har det endelege resultatet klart, seier Hasund.

Som innrømmer at det er litt spesielt å vere hovudpersonen i ei bok.

– Eg skal ikkje legge skjul på det. Eg ønskjer dessutan å takke alle som har bidrege med bilete og innspel til dette prosjektet. Det betyr mykje for meg, for Åge, og for heile Hødd-familien, seier Hasund til slutt.