(NPK): Samstundes får dei på plass eit nytt verktøy som skal hjelpe dei å stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege avtalekår og andre brot på forbrukarvernlova.

Endringane går ut på at Forbrukartilsynet sjølve kan fatte vedtak mot næringsdrivande, mens Marknadsrådet blir klageorgan. Dei kan også fatte vedtak i saker utan å forhandle med den næringsdrivande først. Samstundes vil fleire typar lovbrot kunne sanksjonerast med gebyr, heiter det i ei sak på heimesidene til Forbrukarombodet

Dei understrekar samstundes at dei framleis vil forhandle med næringsdrivande, sjølv om dei ikkje er pålagde å gjere det.