Marion er over gjennomsnittet kreativ. No før jul lagar ho mange kort, og mykje av produksjonen går føre seg på rommet i kjellaren.

– Først heldt eg til på spisskammerset i etasjen over her. Så brukte eg stova på loftet som hobbyrom, før eg enda her nede for eit par-tre år sidan, fortel ho.

I rommet har ho alt ho treng for å få utløp for skapartrongen: symaskiner, stoff, stempel, papir, sakser, lim og mykje «stæsj».

– Dette er midt i blinken, og det fine er at eg slepp å rydde vekk alt frå gong til gong.

Bildekunstnar

Saman med mannen Arild Brevik og borna Ask (12) og Isa (9) bur Marion i Sjukeheimssvingen i Ulsteinvik. Ho har alltid vore kreativ og har gått Kunstskulen i Ålesund. Som bildekunstnar har ho hatt fleire utstillingar, og ho er også ein habil syar som tek på seg oppdrag for andre. Også i yrkeslivet får ho bruke evnene sine.

– Eg har to jobbar: hos Glass & Rammesenteret og hos Laila Tekstil & Interiør, fortel ho.

Å lage kort, som går under kategorien scrapbooking, starta ho med i 2004.

– Mange av venninnene mine starta med det, så då heiv eg meg på eg også. Det er faktisk eit stort scrapbookingmiljø her på Sunnmøre, vi brukar å ha helgesamlingar i Ålesund minst eit par gongar i året, seier Øvrelid, som er i gang med å setje saman eit kort til ære for lokalavisa.

Ho stemplar og legg farge på ferdig utkutta blad og blomster av papir.

– Det vert litt lag på lag, det er liksom varemerket mitt, det, seier ho.

Held kurs

Lag på lag er også det ho lærer frå seg når ho held kurs for andre. No før jul er det stadig folk som vil lære å lage kort, det gjeld både born og vaksne.

– Dette passar faktisk for menneske i alle aldrar. På kursa møter eg gjerne ein gjeng som aldri har laga eit kort før, og dei er ofte litt skeptiske.

Korleis går du då fram for å overtyde dei om at dei kan få det til?

– Eg startar med å presentere prosjektet og forklare korleis kortet kan setjast saman. Så deler eg ut posar som inneheld alt dei treng. Nokre vert skuffa og synest det er for mange ting, andre synest posen inneheld for lite, fortel Marion.

Uansett utgangspunkt og innstilling: etter rundt ein og ein halv time sit dei aller fleste igjen med eit ferdig kort, fortel ho.

– Sjølv om alle får dei same ingrediensane, er det fascinerande å sjå kor ulike korta vert. Det handlar også mykje om meistring, til dømes det å sy på nokre små bjøller på korta. Mange veit faktisk ikkje korleis ein trer tråd på ei nål, seier ho.

– Ser du julekula mi, forresten?, seier ho medan ho jobbar med kortet. Kula heng i lampen på arbeidsbordet. Inni kula er stallen i Betlehem med Maria, Josef og Jesusbarnet synleg.

Oj, har du laga den?

– Ja. Kort fortalt har eg bruke folie eller overheadpapri, skore ut motivet, dytta det ned i kula- og så brettar det seg ut nedi kula, forklarer Marion-som om det skulle vere verdas enklaste sak å få til.

Syr også

Tobarnsmora er aktiv i taekwondoklubben i Ulsteinvik. Heile fem ettermiddagar/kveldar går med til å vere trenar og å trene sjølv. Men måndags kvelden er det tv-tid:

– Då MÅ eg sjå Symesterskapet på NRK. Det har eg sett alle sesongane av og det er så kjekt å følgje dei ulike personane der, seier ho.

Symesterskapet er inne i sin tredje sesong, og sjåarane følgjer ti hobbysyarar. I programmet får dei tildelt ulike oppgåver som dei skal meistre i løpet av kort tid. Ein etter ein vert syarane sende heim, før det står igjen ein vinnar til slutt.

– Eg kunne absolutt ha tenkt meg å vere med. Det er mange som spør om eg ikkje skal delta, så kanskje eg søkjer neste år, seier Marion.

No før jul vert det også mykje sying, i tillegg til kortlaging.

– I år har det vore spesielt mange ballkjolar som skal tilpassar: leggast opp og syast inn, seier ho.

– Alt kan brukast

På bordet er kortet i ferd med å verte ferdig. Papir, hyssing og «diamant»klistremerke har ved hjelp av ulike teknikkar danna eit fellesskap.

– Første gongen eg lagar eit kort kan det ta rundt ein time. Viss eg har laga det før, brukar eg cirka ti minutt. Det er godt å vere her på hobbyrommet, her slappar eg av, fortel Marion.

Ho ser nytta i det meste og det er ikkje grenser for kva som kan brukast til kortlaging.

– Både rask og rot kan brukast. Eg kjøpte til dømes nokre Norgesglas, dei var pakka inn i ei slags strie. Det er kjempefint å bruke! Papirposar, slikt papir som er rundt epla på butikken, jarekanten på gardiner, ja, det finst ikkje grenser, eigentleg.

Men du kjøper vel også ein del?

– Ja, eg bestiller ein del frå utlandet, stempel og slikt. Men eg prøver å vere flink til å finne ting på lokale butikkar også, seier ho.

Også dei to borna får lov til å boltre seg på hobbyrommet. For dei er det rutine å lage bursdagskort til venar.

– Her i huset er det svært sjeldan vi kjøper ferdige kort. Det må vere fordi vi har gløymt eit selskap, til dømes.

Kortet på arbeidsbordet er ferdig og inneheld mange fargar.

– Eg likar eigentleg alle fargar, men denne mørke lillafargen, adventsfargen, klarer eg ikkje bruke. Og så må eg vedgå at eg har eit ekstra godt auge til blåfargar, så dei går ofte igjen på korta eg lagar.

Det har sett så leikande lett ut når du har ordna til dette kortet. Men det må vel vere litt vanskeleg..?

– Eg meiner at absolutt alle kan klare å lage kort. Så mi oppmoding er at fleire burde prøve. Det er så kjekt å gje vekk eit sjølvlaga kort! Det ligg ein tanke bak, og det har absolutt sin sjarm.