Eigarane i Island Offshore skal skyte 369 millionar kroner inn i selskapet for å sikre ei refinansiering. Planen for refinansiering skal handsamast under eit obligasjonseigarmøte torsdag 14. desember.

Det skriv næringslivsportalen Nett.no. (Ekstern lenkje).

Vil ikkje føre til store endringar

Det er gjennom Stamdata, ei meldingsteneste for obligasjonsmarknaden, at nyheita om at refinansieringsplanen er forhandla ferdig mellom reiarlaget, bankane og ein stor nok del av obligasjonslåneigarane, kjem fram.

Som Vikebladet Vestposten har skrive tidlegare, førte førre refinansiering (våren 2016) til ei utsetjing av betalinga på lån til kreditorane fram til 2018. No ønskjer reiarlaget å utsetje tilbakebetaling på banklån til 2020 og obligasjonslån til 2021.

Finansdirektør i Island Offshore, Henning Sundet, seier til Nett.no at dei 369 millionane eigarane skyt inn som kapitalutviding ikkje vil ha noko å seie på fordelinga av eigarskap i selskapet.