(NPK): Inntektsauken var 8 prosent på Jæren, 7 prosent på Vestlandet, 11 prosent i Trøndelag og 1 prosent i Nord-Noreg.

Gardbrukarar på Austlandet hadde ein nedgang i jordbruksinntektene på 6 prosent frå 2015 til 2016 og tente i gjennomsnitt 340.200 kroner. Gjennomsnittleg auke i jordbruksinntekt for landet under eitt var på 2 prosent.

Det viser driftsgranskingstal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som vart lagt fram torsdag.

– Eg er fornøgd med at inntektsauken i jordbruket var høgare enn den generelle lønnsauken også i 2016, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) då tala vart lagt fram.

Bøndene ueinige

Norsk Bonde- og Småbrukarlag skriv derimot det stikk motsette i ei pressemelding seinare torsdag. Slik dei ser tala bremser jordbruksinntektene kraftig opp.

– Inntektsveksten i jordbruket på 2.800 kroner per årsverk frå 2015 til 2016 er svakare enn forventa og mindre enn andre grupper i samfunnet som fekk 8.800 kroner. Dette er altfor svakt. Dette følgjer ikkje opp Stortingets vedtak om at inntektsforskjellen mellom jordbruket og andre yrkesgrupper skal reduserast, seier leier Merete Furuberg i Småbrukarlaget.

Ho får støtte frå Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.

– Inntektsveksten vi ser i driftsgranskingane er svak og noko dårlegare enn forventa. Fleire produksjonar, særleg sau og lam, slit med overproduksjon, og kornavlingane var ikkje like gode som i 2015, seier han.

Landbruksoppgjer

Bondelaga meiner tala også viser at forskjellar i inntektsnivå og inntektsutvikling mellom bruksstørrelsar framleis er eit problem i det norske landbruket.

Mens store mjølkebruk opplevde ein inntektsvekst på 20.400 kroner per årsverk, får små bruk ein tilsvarande vekst på 8.400 kroner, ifølgje Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

– Dette er eit klart brot med Stortingets vedtak om å legge til rette for ein variert bruksstruktur. Norsk Bonde- og Småbrukarlag forventar at regjeringa framover følgjer opp Stortingets vilje og viser større vilje til å rette opp dette, seier Furuberg, som varslar at dette vil bli ei av deira hovudsaker i kommande jordbruksoppgjer.

Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2016 var det med totalt 920 bruk. Tala dannar delar av grunnlaget for neste års jordbruksoppgjer.