Førjulskonserten i Hareid kyrkje var eit synleg bevis på at rekrutteringa til musikk- og kulturskulen i kommunen er god. Det meiner rektor Torgeir Hauge.

– Det går så det susar. All ære til politikarane i Hareid, som har kjempa for at vi skal ha gode vilkår. Vi har rundt 300 elevplassar, som vi har hatt i 10–12 år, og det er stabilt. Rekrutteringa er også bra, for plassane blir fylte kvart år, seier Hauge.

Elevane som viste seg fram under førjulskonserten var alt ifrå heilt ferske til ganske erfarne. Det var lagt opp til at den som hadde lyst kunne få vere med. Torgeir Hauge trekte spesielt fram eitt av innslaga, der Aida Galdikaite spelte saksofon.

– Ho har berre spelt i to månadar, og det er ganske så utruleg at ho har blitt så flink allereie, seier Hauge.

Variert program

Koret Ytre Strøk opna det heile med tre songar, «Tenn lys», «Away in a Manger» og «Deilig er jorden». Så spelte Amelia Knop, Benedikte Røyset og Brage Dyrhaug fiolin på «Deilig er den himmel blå». Maria Martinsen kom på scena etter dette, og framførte «Jingle Bell Rock» på tverrfløyte. Trioen Vida Hovden, Thyri Øvrelid og Maja Ordon spelte også tverrfløyte, på «Glade Jul/Joy to the World». Så kom koret fram og framførte «Julestjernen» og «Vi tenner våre lykter».

Sigrid Pilskog viste så fram evnene sine på gitaren på songen «I en natt».

Amalie Leine spelte så «Nå tennes tusen julelys» på kornett, før Natalie Brandal, Andrine Brekke og Ada Strømsjordet spelte «Bjelleklang» på klarinett.

Etter dette kom to erfarne musikk- og kulturskuleelevar på scena. Johannes Bjåstad spelte ein flott gitarversjon av «Ave Maria», medan pianist Fredrik Lonbakken spelte «Etyd».

Så var det klart for Aida Galdikaite, som med sin saksofon framførte «Bjelleklang». Det etter berre å ha spelt på instrumentet i to (!) månadar.

Til slutt var det klart for koret igjen, som song «Jul i vårres by» og «Et lys mot mørketida».