– Ulstein kommune taper ingen ting på å gi bort årskort til dei som ikkje har råd til å nytte seg av Ulsteinbadet. Dei har ikkje høve til å kjøpe seg årskort uansett, seier Marianne Breivk (AP).

På kommunestyremøtet torsdag 14. november vil Breivik kome med ei oppmoding om at det må leggast til rette for alle skal få kunne nytte seg av dei flotte fasilitetane, uavhengig av den økonomiske stoda til den einskilde.

Til glede for alle

– Vi har opna eit fantastisk anlegg i Ulstein Arena, til glede for alle i Ulstein og omland. Anlegget er eit løft for skulane, men òg for bulyst, folkehelse og trivsel generelt. Anlegget er også eit nyttig reiskap i forhold til førebyggande arbeid. Det som no er viktig for meg er at Ulstein Arena vert ein plass der alle har tilgang. Og då meiner eg alle, seier Marianne Breivik.

Ho peiker på at det i Ulstein kommune i dag finst familiar og einskildpersonar som risikerer å stå utanfor fellesskapet når det gjeld å ta del i aktivitetar og kulturtilbod, av økonomiske årsaker.

Tre spørsmål frå talarstolen

Breivik ønskjer å leggje fram tre spørsmål frå talarstolen:

– Vil ordføraren ta initiativ til at det snarast vert utarbeidd reglement og diskret ordningar for korleis ein kan sikre at alle får tilgang til Ulstein Arena og Ulsteinbadet? Vil ordføraren sørge for at det vert kartlagt familiar og andre som kan vere i målgruppa som eg ynskjer inkludert? Kan Levekårsutvalet i løpet av første kvartal 2018 få informasjon om dette arbeidet?

– Vi må sikre at alle har tilgjenge til Ulstein Arena og at alle barn, ungdommar, familiar og andre får nytte Ulsteinbadet. Dette må ikkje verte eit anlegg som skaper klasseskilje og utanforskap, seier Breivik, som er overtydd om at dette er noko ein skal få til.

– La oss dele dette som no er skapt, la oss dele med dei som har stram økonomi. Her skal alle med, lyder oppmodinga frå Marianne Breivik.