(NPK-NTB): I gjennomsnitt inneheldt kvart blåskjel 1,84 plastpartiklar, skriv VG.

Niva gjorde undersøkingane på oppdrag frå Miljødirektoratet.

– Mikroplasten finst truleg i hovudsak i fordøyelsessystemet hos dyr, men sidan vi et heile dyret av blåskjel, kan mikroplast hamne på norske middagsbord, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Niva-forskar Amy Lusher seier at ein i dag veit lite om kva effekt mikroplasten kan ha på menneske.