Avinor melder om fleire innstilte fly måndag morgon frå Ørsta-Volda lufthamn. Flyet til Bergen som skulle gå litt over sju er innstilt. Flyet som skal gå til Oslo kl 09.25 er utsett til kl 10.00. Og flyet som skulle gå kl 10.25 til Oslo er innstilt.

Kvart på sju i dag tidleg skulle det kome eit fly frå Førde, det vart innstilt. Flyet som skulle kome kl 10.05 frå Bergen og Sogndal er også innstilt.

På Vigra er flyet til Amsterdam i ettermiddag innstilt, elles ser det ikkje ut til å ha vere innstilte fly der.