Fleire har reagert på at det er felt fleire tre ved Hareid kyrkjegard. Nokre meiner trea burde få stå, men Hareid sokn skriv på soknet si heimesida at trea måtte fjernast for dei hadde vakse seg veldig store, og kunne vere til skade for bygningar og gravminne. Nokre av dei var også i ferd med å rotne innvendig og ville difor tole mindre hardt vêr.

Det er tatt tre langs alléen (ved muren, trea på nedsida av vegen er i privat eige), ved den gamle prestestova og treet på barnegravfeltet.

På barnegravfeltet skal det plantast eit nytt tre.

Soknet fekk tildelt pengar frå kommunen sin tiltakspakke, så dei hadde pengar til trefelling og opprydding.