Måndag kunne Magne Larsen, styreleiar i Søre Sunnmøre Matmanifest og primus motor for det heile, fortelje at Herøy kommune også har slutta seg til matmanifestet. Herøy var den siste kommunen som handsama ei eventuell tilslutning i kommunestyret, men no er dei altså også med på laget.

Frå før av er Hareid, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda med. Heile sjustjerna er altså einige om at matmanifestet er noko å satse på.

- Dette er sjølvsagt veldig gledeleg, og no er vi eit sameint fellesskap som alle støttar det viktige arbeidet til Søre Sunnmøre Matmanifest, kommenterer Larsen.