Fiskar Jan Kåre Ulstein er fortvila.  Måndag var han på sjøen for å drage krepseteiner.  Ved Vattøya dro han opp samleteina.

- Då såg at eg teina var tom.  Nokon har med andre ord forsynt seg med nesten ti kilo kreps, seier fiskaren frå Ulstein. Han fortel at krepsefangsten var verd rundt 2.000 kroner. – Vedkomande kunne like gjerne ha stole lommeboka mi, seier Ulstein.

Han fortel til Vikebladet Vestposten at krepsen i hovudsak skulle seljast til private, og at han allereie hadde fått inn bestillingar no før jul.

No har han lagt ut eit innlegg på Facebooksida si, der han ber folk folk sende vidare så det kanskje treff rett person.