Terje Høybakk, dagleg leiar i Maritimt Forening for Søre Sunnmøre, synest ikkje noko særleg om at Møre og Romsdal fylkeskommune set opp prisen på ferjebilletten.

Sunnmørsposten skreiv i går at fylkesrådmannen foreslo å kutte rabatten i ferjekortet frå 50 til 40 prosent. I tillegg skal alle ferjene i fylket få ein takstauke på to soner.

– Dette synest eg ikkje noko særleg om. Det vil auke kostnadene for næringslivet og bli ein ny byrde for dei, kommenterer Høybakk til Vikebladet Vestposten.

Han viser til at me bur i eit fylke der ein er avhenging av å reise med ferje og hutigbåt. Å auke kostnadene vil råke næringslivet og privatpersonar.

Staten bør bidra

Grunnen til at fylkesadministrasjonen foreslo å auke prisane er at fylket har fått ei ekstrarekning på 99 millionar i ferjedrift i året. Dette er pengar dei treng å få inn, elles hamnar fylket på Robek-lista.

Men Høybakk meiner at staten bør bidra med meir pengar til fylket. Staten har sett større krav til at ferjene skal vere miljøvennlege. Fylket har følgt opp pålegga dei har fått. Høybakk synest ikkje det er rett av staten å laste fylkeskommunen for dette økonomisk. Så lastar fylkeskommunen næringslivet og privatpersonar vidare.

Set ikkje rabatten ned, men prisen opp

Fylkestinget er samla til møte i desse dagar (11. –13. desember). Fylkestinget vedtok å dag å setje opp prisane på ferjebilletten med to takstsoner. Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde opplyser til lokalavisa at det utgjer 7-8 kroner per tur med bil frå Hareid til Sulesund.

Fylkestinget valde å ikkje setje ned rabatten på ferjekortet, han blir framleis 50 prosent.

Det er samferdselsutvalet som er takstmyndigheit, men i praksis er det avgjort med dette vedtaket i fylkestinget.