Like før kvart på tolv i føremiddag (tysdag 12. desember) køyrde ein bil av vegen i Ulsteinvik.

Korkje førar eller dei to passasjerane vart skadde.

Brannvesenet rykte ut. Bilen har truffe ein straumboks. Mørenett er varsla og brannbilen har returnert.

Politiet skriv at dei opprettar sak for skade på annan manns eigedom.