– Dette er kjempetrist, seier Hugo Antonsen, som både er eigar, dagleg leiar, styreleiar og redaktør i Regionavisa. Måndag gjekk avisa til skifteretten. Åtte tilsette mister jobbar.

Måndag ettermiddag hadde Antonsen møte med dei tilsette saman med bustyrar Camilla Maria Solbakken. Styret vedtok før helga å be tingretten opne konkurs i buet til selskapet.

ifølgje Antonsen har selskapet no eit underskot på i underkant av ein million kroner.

– Vi har vurdert å gå inn med frisk kapital, men eg har for tida ein uavklart helsesituasjon og fann difor ut at det vart for risikabelt å gå inn med eigenkapital, fortel Antonsen.

Dei tilsette i møte

Regionavisa har hovudkontor på Stålhaugen i Ulsteinvik. Då Vikebladet Vestposten var innom lokala ved lunsjtider måndag, sat dei tilsette i møte.

– Dei tilsette har visst om at vi har vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon, men dei har sjølvsagt hatt eit håp om at det skulle løyse seg, seier Hugo Antonsen.

Han er glad for at dei tilsette i alle fall fekk utbetalt løn i slutten av november.

Frå papir til nett

Regionavisa har eksistert sidan sommaren 2000, og gjekk i vår frå å kome ut som papiravis ein gong i veka, til å bli nettavis. Selskapet det no er opna konkurs i, heiter Nye Regionavisa AS.

Selskapet er ei familiebedrift, der Line Urke eig 47,68 prosent av aksjane. Ektemannen Hugo Antonsen eig 42,36 prosent, medan døtrene deira, Marte og Silje, kvar sit på 4,98 prosent av aksjane.

Underskot

Tidleg i år fekk selskapet 139.000 kroner i støtte frå næringsfondet i Ulstein kommune. Pengane skulle gå til ei digital omstilling, som mellom anna handla om å lære opp dei tilsette i nye verktøy.

– Denne omstillinga vart meir krevjande enn vi hadde trudd, og 1. juni i år sat vi med eit underskot på 800.000 kroner, seier Hugo Antonsen.

Ifølgje rekneskapstala frå Nye Regionavisa AS gjekk selskapet med underskot både i 2013, 2014 og 2015.

– Få oversikt

Første skiftesamlinga skal etter planen haldast i Sunnmøre tingrett 22. januar neste år.

– Mi oppgåve no er å få oversikt over lokala, eigedelar og dei tilsette i selskapet, seier bustyrar Camilla Solbakken.