Pål Grødahl er 1. vara som direktevald i Venstre sitt landsstyre. Det er ofte nokon som ikkje kan stille, difor stiller han på landsstyremøte. Han var der i september, og han var der no i helga. På landsstyremøtet vart det vedteke at partiet sa ja til å gå inn i regjeringsforhandlingar med Høgre og Framstegspartiet.

Grødahl var med på å røyste for at Venstre skal gå i regjeringsforhandlingar. Det gjorde han for han har tru på at partileiinga greier å gjere gode vurderingar.

– Eg har tru på at Venstre oppnår meir i regjering enn utanfor, kommenterer han til Vikebladet Vestposten.

Vilje til samarbeid

– Er det nokon ultimatum du meiner Venstre bør stille? Er det nokre ting Venstre absolutt ikkje kan vere med på?

– Nei, eg trur ikkje det er lurt med ultimatum. Det som er viktig er at det er nok velvilje til samarbeid på båe sider, meiner Grødahl.

Han meiner det ikkje var vellukka då Venstre stilte ultimatum i fjor med budsjettarbeidet. I år har ikkje venstre stilt nokre slike krav, og då har dei fått gjennomslag for ein del Venstre-politikk i budsjettet, som skule, miljø, kultur og gode vilkår for gründerar, seier Grødahl.

Miljøministeren?

– Håpar du på nokre ministerpostar til Venstre?

– Ja, om Venstre skal i regjering må me få nokre ministerpostar, svarer han men vil ikkje røpe om det er nokre ministerpostar han håpar at Venstre får, anna enn det blir nokre postar der Venstre får vise fram politikken sin. Igjen stolar han på at Venstre sine folk gjer ein god jobb i forhandlingane og ser kva som tener Venstre og Noreg best.

– Tru du det kan vere aktuelt for Venstre å få miljøvernministeren?

– Ja, om me ber om det. Det er ein interessant post, men Venstre bør ikkje stille ultimatum på postar. Ein bør tenkje heilskapleg på politikken vår. Venstre i regjering vil føre til eit betre Noreg, meiner Grødahl.

På landsstyremøtet i helga vart det ikkje sagt noko om kor lenge slike forhandlingar kan vare, anna enn det at bør ikkje dra ut for lenge i tid. Samtidig må ein ikkje stresse for mykje til at ein får eit godt resultat.

Hadde helst sett Venstre i opposisjon

Ein av tre deltakarar på landsstyremøtet til Venstre røysta imot å innleie slike forhandlingar. Rundt omkring i distrikta finn ein både tilhengjarar og motstandarar.

Annika Brandal er skeptisk til vedtaket om at Venstre skal i regjeringsforhandlingar med Høgre og Framstegspartiet, men ho vil vente og sjå kva som kjem utav det før ho gjer seg opp meir tankar kring det.

– Eg hadde nok uansett helst sett at Venstre blei i opposisjon, kommenterer ho til Vikebladet Vestposten.

– For lang avstand mellom Venstre og Framstegspartiet

Laurdagskvelden uttalte Gunn Berit Gjerde seg kritisk i Sunnmørsposten til at Venstre skal innleie slike forhandlingar. Ho trur Venstre si røyst utan Kristeleg Folkeparti vil bli for svak i denne regjeringa.

– Ideologisk sett er det for langt mellom Venstre og Frp. Det gjeld viktige saker som innvandring og miljøspørsmål, men også justisspørsmål. Eit menneskesyn der alle menneske er like mykje verdt, og fortener å få ein sjanse utan å bli plasserte i ein bås er viktig for meg, meiner Gjerde.

Ho synest statsminister Erna Solberg har tatt for lett på uttalar som kjem frå regjeringsmedlemer som speler opp til frykt. – Det er ein retorikk frå statsrådar som eg ikkje trur fører til forståing og likeverd, seier Gjerde til Vikebladet Vestposten. Ho deltar i ein del internasjonale politiske samanhengar. Der opplever ho å få spørsmål om kvar Noreg er på veg.

Skeptiske: Gunn Berit Gjerde og Annika Brandal er meir skeptiske til at det er lurt av Venstre å gå i forhandlingar med Høgre og Framstegspartiet. (arkivfoto: Linda Eikrem) Foto: Ragnhild Vartdal