Då Vikebladet Vestposten tysdag formiddag snakka med Even Haavik, som er etterforskingsleiar ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, var ikkje dei to personane som politiet har leita etter sidan dei stakk av frå bilane dei køyrde før ein trafikkontroll måndag, funne. Ein tredje bilførar fekk politiet fatt i på staden.

- På noverande tidspunkt er det ingen fleire som er tatt, nei. Vi vil halde fram etterforskinga og følgje dei spora vi har funne så langt, seier Haavik.

Les også: Politiet leitar etter to personar

Politiet vil ha tips

Haavik legg til at politiet gjerne vil ha tips frå publikum, som kan ha gjort observasjonar kring tidspunktet for trafikkontrollen. Det var rundt klokka 06.00 måndag morgon at hendinga fann stad.

- Vi har etter kvart sikra oss opplysingar som tilseier at vi veit kven dei er. Først og fremst er vi interessert i å få vedkomande personar i tale, seier Haavik avslutningsvis.