– Eg er glad i taco!

Det er tidleg morgon i klasserommet til 2B. Elevane står på ei lang rekke og kontaktlærar Beate Hatlø Amundsen les opp ulike påstandar. Borna skal gå bort til den eine veggen viss dei er einige i påstanden eller bort til den andre veggen viss dei er ueinige. Svært mange er einig i tacopåstanden.

– Det er gjerne ein litt lang prosess, dette med å lære seg å kjenne på eigne meiningar og å ta omsyn til det andre meiner, seier Amundsen.

I år har ho teke i bruk adventskalenderen frå Redd Barna, og klassa tek samlingsstunda anten om morgonen eller i matpausen.

Ulike aktivitetar

Redd Barnas Julehjul har som mål å bidra til eit trygt og godt klassemiljø. Kvar dag snurrar 2B eit julehjul og får ein ny aktivitet, film, historie eller song. Denne morgonen stoppar nåla på aktivitet, som altså handlar om å ta stilling til ulike påstandar.

– Eg likar å danse!, les lærar Amundsen. Nokre skundar segtil EINIG-veggen, andre er raske med å ta plass ved UEINIG-veggen.

– Det er veldig kjekt med noko som er konkret, då er det enklare for elevane å halde oppe konsentrasjonen, seier Beate Hatlø Amundsen.

For barneskulen

Gjengen i 2B på Ulsteinvik barneskule er ikkje åleine om å snurre julehjulet frå Redd Barna kvar dag no i adventstida. Ifølgje Thale Skybak, seksjonsleiar i Redd Barnas Norgesprogram, har 1900 lærarar over heile landet bestilt kalenderen. Til saman femti tusen barneskuleelevar følgjer dermed opplegget.

– Det er første året vi har ein adventskalender, så vi er eigentleg overvelda over responsen, seier Skybak.

Redd Barna jobbar heile tida målretta med å fortelje born om rettane dei har.

– Vi laga denne kalenderen for at elevane skal kunne bruke adventstida til å fokusere på å vere venar og å ha eit godt klassemiljø. I tillegg får vi gitt informasjon om born sine rettar, seier Thale Skybak, som trur at dette også er eit godt verktøy for lærarane.

– Vi i Redd Barna får stadig positive tilbakemeldingar frå lærarar. Alt innhaldet er forresten forankra i det som allereie er kompetansemål i grunnskulen. Lærarane takkar for opplegget, og det set vi veldig stor pris på.

På nyåret skal organisasjonen evaluere adventskalenderen og hente innspel frå dei som har brukt den no i år. Thale Skybak håper at dei skal klare å lage adventskalender kvart år framover.

Fredsprisen

Tilbake i klasserommet til 2B les Beate Hatlø Amundsen opp ein ny påstand:

– Eg likar å vere ute!

Nokre av elevane bestemmer seg raskt, andre treng litt meir tenketid. Nokre vert ståande igjen midt på golvet, og grunngir avgjerda med:

– Det spørst kva vêr det er!

Lærar Amundsen har gode erfaringar med kalenderen så langt.

– Alt er på borna sine premissar, det er til dømes veldig spennande med dette hjulet som snurrar rundt.

Tidlegare denne veka var Nobels fredspris tema.

– Det er veldig aktuelt, men eg trur ikkje eg hadde kome på å ta det opp i klassa utan at vi hadde denne kalenderen, seier Beate Hatlø Amundsen.

einig: Anna Bjåstad Hovlid er samd i at det er kjekt å danse. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem
ueinige: Lucas Christiansen og Elliott Eiken-Hauge er ueinige i nokre av påstandane læraren les opp. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem
adventsstund: Klasse 2B startar dagen med adventskalender. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem