– Den frivillige arbeidsinnsatsen i dei frivillige organisasjonane i Norge svarar til om lag 140 000 årsverk. I Hareid er innsatsen truleg langt over landsgjennomsnittet, med svært mange lag og organisasjonar som driv frivillig arbeid. Denne innsatsen gjer at lokalsamfunnet får eit særpreg. Kva er dette som pregar oss?

Jau, aktivitetar er gjennomført av frivillige som er tett på eller har særskild kunnskap og interesse for det dei syslar med – som ein hobby eller ekstrainnsats i dagleglivet. Det er folkeleg arbeid, styrt av eldsjeler som brenn for noko i lokalsamfunnet sitt. Det er folkestyrt, ei slags motkraft nedanfrå til å stable på beina noko sjølve, innleia Fuglseth.

- Eit vakkert smykke

Og i ei kommune der det frivillige arbeidet står sterkt, så er det også eit veldig arbeid som er lagt ned av årets prisvinnarar sidan oppstarten i 2002.

– Eg står her med ei oversikt over 4 000 dugnadstimar på 15 år. Reknar ein dette om til kroner og øre kjem vi opp i om lag 1,8 millionar kroner. I tillegg har lokale entreprenørar og små verksemder sponsa med varer og tenester til snart ein halv million kroner. Men dette hadde aldri hendt utan frivillige eldsjeler som brukte store delar av livet sitt på å samlast om ein ide og eit mål om å få noko til saman for bygda vår.

Sidan dette laget vart skipa i 2002, har det vakse fram – ikkje berre reist seg reint fysisk som eit vakkert smykke av eit hus og eit tun – men også vakse fram eit symbol på vår historie – ei opplyst danningsånd. Dette er noko vi kan samlast om, og som viser oss ein felles identitet gjennom ei samling kulturskattar som vitnar om kven vi har vore, og viser veg til korleis og kvar vi kan gå i framtida, fortalde varaordføraren.

I Rasofiel si ånd

Vonheims Venner står for vedlikehaldet av bygdetunet Vonheim på Bigset, og det har vore lagt ned mykje arbeid for å få bygningsmassen opp til standarden den er i dag.

– Det er eit enormt arbeid som er lagt ned. Gjennom heile dugnadsprotokollen kan vi lese namna på 136 kvinner og menn som har lagt ned alle desse tusenvis av timane. Dei starta sommaren 2002 med å vaske utvendig og innvendig og rydda ut heile huset, måla kledning, kalka murane, rydda skog, drenerte rundt husa, slo markane og kantslått. Dei fekk køyrd dei verdifulle møblane til fryseri for å få vekk motten og starta eit mødesamt arbeid innvendig for å attskape det flotte huset. Alle slags møblar, lister, tak og golv, panel og dører, gelender og trapper, vindauge, omnar, vassrøyr, elektrisk anlegg, hyller, rekonstruksjon av stukkatur, låsekasser, brytarar, kraner, gardiner – rom for rom, i år eller år. Heile garden utvendig med markar, plenar, bed, murar, grøfter, trapper, kjellar, ny utebu, do og ikkje minst bygging av scene og amfi er stelt og halde ved like som eit velstelt tun i alle desse åra. Det er i Rasofiel si ånd – til minste detalj.

Arbeidet til Vonheims Venner har gjort det mogleg for kulturstiftinga Rasofielgarden å skipa kulturkveldar og lyrikktimar i stovene på Vonheim, der dei har engasjert song- og musikk-krefter frå den oppveksande slekt i Hareid. Lag- og organisasjonar har møter i Vonheim, og det har vore intimkonsertar og utstillingar. Dei har samstundes kunne vise fram noko av dei verdifulle eignelutane frå Rise-familien som er samla inn. Gode lagsleiarar for vennegjengen har klart å halde liv i dugnadsånda gjennom eit imponerande frivillig arbeid.

Innsatsen frå Vonheims Venner har sikra at denne verdifulle, historiske arven er teken vare på. Deira arbeid med systematisk samling, vøling og presentasjon av kulturbreidda i Rise-familien er kulturbygda Hareid verdig, og vi set enormt stor pris på resultatet av arbeidet.

Det er ei stor ære å få overrekkje Frivilligprisen i Hareid 2017 til Vonheims Venner med Johs Klungsøyr i spissen, fortalde Kristian Fuglseth.

Klungsøyr tok imot diplom og dei 10.000 kronene som er ein del av prisen saman med styret i Vonheims Venner.

– Tusen takk for at de har sett pris på det som vi har arbeidd med på Vonheim. Gjennom desse åra har det blitt ein del arbeid, men også vanskelege oppgåver og eit stort ansvar for å velje dei tidsrette løysingane i restaureringsarbeidet. Vi må hugse at vi nesten heilt ut har nytta dugnad frå ikkje-faglærde personar til alt arbeidet. Men også ei viss utfordring å velje dei rette tema for tilstellingane våre som kan stå i stil med dei verdiane som Vonheim har hatt med seg alt frå Rasofiel si tid. Vi har frå starten hatt ein idé om å sette Vonheim i god stand, slik at vi kan seie at vi har berga kulturperla Vonheim for dei som kjem etter oss. No er det ingen veg tilbake, sa Klungsøyr, då han takka for prisen.