(NPK): Ved utgangen av 2016 hadde Mållaget 12.411. No er talet 12.973, og dei ventar å bikke 13.000 før året er omme.

– Det er sjølvsagt veldig moro. Dette stadfestar det eg opplever når eg dreg rundt og besøkjer ulike lokallag. Det er liv i rørsla, og vi held fram med å rekruttere unge folk, seier Magne Aasbrenn som er leiar i Noregs Mållag til Nynorsk pressekontor.

Ulike årsaker til veksten

Aasbrenn trur det er ulike årsaker til veksten.

– Det har nok mykje å gjere med at vi har ein veldig god stab. Vi har folk som er gode på presse, folk som er gode på sosiale media og folk som er gode til å grave seg ned i offentlege dokument og søke om løyvingar, fortel Aasbrenn.

I tillegg trur han politiske svingingar påverkar veksten i positiv retning.

– Vi har merka at kommune- og fylkesreforma har hjelpt oss på rett veg. Språk blir ein naturleg del av identiteten når ein snakkar samanslåing. Til dømes merka vi vekst då debatten om den nye Vestlandsregionen var på topp, seier Aasbrenn før han legg til:

– Den siste tida har det ikkje vore eit like politisk rush, men vi merkar framleis god vekst. Det er interessant. Eg trur det handlar om at vi no er inne i ei tid der folk er opptekne av tradisjon. Eg trur mange ser språket som ein naturleg del av det tradisjonelle.

Romsdal Mållag har hatt høgst prosentvis auke av alle fylkeslaga det siste året. Dei har gått frå 178 til 214 medlemmer. Noko som svarar til ein auke på 20,2 prosent.

– Mykje av grunnen til at vi opplever så høg prosentvis auke der, er at vi har gode aktivistar i området. Da eg kom dit med Nynorskstafetten i 2016, fekk eg og leiaren for Målungdommen vere med på skipinga av eit nytt lokallag, Eide og Fræna Mållag. Nye lag gjev betre verving.

Jamn vekst over tid

Det er ikkje berre det siste året Mållaget har opplevd vekst. Tala for dei siste ti åra syner at Mållaget har vakse jamt. Frå 2007 til 11. desember 2017 har dei gått frå 10.323 medlemmer til 12.973 medlemmer det svarar til ein auke på 25,7 prosent.

– Eg blei leiar i 2016 og kan ikkje sei korleis det har blitt jobba sentralt i heile denne perioden. Min eigen bakgrunn er frå Østfold Mållag og der opplevde eg at medlemmene er opptekne av dialektar. Mange ser samanhengen mellom nynorsk og dialektar og ønskjer difor å engasjere seg for å verne om dialektmangfaldet. Eg opplever òg at førgjengarane mine i leiarstolen har vore flinke til å jobbe politisk og mellom anna sikra eksistensen til sidemålsstilen, fortel mållagsleiaren

I tillegg trekker Aasbrenn fram innsatsen tidlegare leiar Marit Aakre Tennø la ned for å sikre Grunnlova på nynorsk.

– Det var noko som hadde stor betydning både symbolsk og praktisk, seier han.

Hordaland Mållag er det største fylkeslaget til Noregs Mållag den 11. desember 2017. Dei har 3078 medlemmer. Oslo Mållag er det største lokallaget dei har 538 medlemmer.