Stig Grimstad får årets Frivilligpris både for arbeidet han legg ned i orkesteret «Fjøresteinane» og for innsatsen sin for asylsøkjarar.

– «Fjøresteinane» er ein del av jobben min, sa Stig Grimstad då han noko overraska tok imot prisen, ein diplom og 5000 kroner, av Inger Anne Dimmen ved Frivilligsentralen i samband med opninga av det nye dagsenteret i Ulsteinvik onsdag.

Sjølv om innsatsen for «Fjøresteinane» er ein del av jobben, er det grunn til å tru at denne også strekkjer seg utover «normal» arbeidstid. I tillegg vert prisen også tildelt ut ifrå det frivillige arbeidet Stig Grimstad har gjort for asylsøkjarar.

–Eg håper at storsamfunnet har vilje til å drifte dette tilbodet vidare, sa Grimstad og sikta då til «Fjøresteinane» som er eit spleiselag mellom Hareid og Ulstein, delvis dekt av musikkskule og vaksenopplæringssenter.

Når det gjeld asylsøkjarar meiner Stig Grimstad at kvar og ein bør ta ansvar for å gi dei kjensla av å vere velkomne.

– Vi må bruke tid på våre nye landsmenn. Vi må ta oss tid til å stoppe opp og snakke med dei. Dette er ei viktig oppgåve som alle kan bidra med, oppmoda prisvinnaren.