Tradisjonen tru arrangerer 3.-klasse ved idrettslinja på Ulstein vidaregåande skule Nattcup før jul. I år går turneringa frå kvelden 21. desember til utpå føremiddagen fredag 22.

– Vi håpar det er mange som vil kome, uansett om dei stiller lag eller om dei berre vil vere tilskodarar fortel Vilde Skeide Voksøy, Amanda Sundal, Astrid Oline Roppen og Alexander Borgund.

Dei fire er med i styret for årets Nattcup, der det så langt er meldt på om lag 20 lag.

– Dette er jo ein tradisjon. Det er mange studerer vekke som kjem heim til jul og blir med på Nattcupen, fortel Vilde Skeide Voksøy.

Difor er også turneringa lagt nære inn i jula, slik at flest mogleg skal ha sjansen til å vere med. For idrettsklassane håpar på at mange fleire skal melde seg på til årets turnering.

– Vi håpar på så mange som råd, og gjerne opp mot 40–50 lag, fortel idrettselevane.

Med kampar gjennom heile natta blir Nattcupen ei litt annleis turnering, og det er ikkje berre det sportslege som er i fokus. Også den sosiale biten er viktig.

– Vi har både loddtrekning og Fifa-turnering, både for dei som spelar og dei som er tilskodarar. Vi skal ha catwalk og det blir også laga til eit område der folk kan sove litt. Det blir lagt til rette for at folk skal kunne vere her heile natta, fortel elevane.

Dei meiner det blir ei litt anna oppleving med turnering som går på kvelds- og nattetid.

– Det blir mykje energidrikk og kaffi utover natta, men det er ein del av opplevinga, smiler Alexander Borgund.

Idrettselevane slår også fast at turneringa er ein fin møteplass i førjulstida.

– Eg var jo med her før eg gjekk på vidaregåande, og då møter ein folk som ein skal gå på skule med seinare og ein får møte folk frå eit større område. Det er ikkje berre folk frå Ulstein og Hareid, fortel Skeide Voksøy.

Som nemnt er det elevar frå 3.-klasse ved idrettslinja på Ulstein vidaregåande skule som står bak Nattcupen. Dette er ei av deira inntektskjelder for den årlege treningsleiren idrettselevane reiser til i La Santa.