– Pengane kjem frå ei utruleg god blanding av privatfolk og næringsdrivande, seier Line Urke, leiar i Ulstein Næringslag.

Ho fortel at svært mange har gitt 200, 300 og 500 kroner.

– Det er kjekt å sjå korleis det veks på kontoen! Vi har éin privatperson som spytta inn 4.000 kroner, men elles gir dei fleste nokre hundrelappar, seier ho.

Målet er framleis å samle inn 100.000 kroner til fyrverkeriet, som skal avfyrast i Ulsteinvik nyårsaftan.

Line Urke er no i gang med å legge lappar i postkassene til folk med informasjon om konto- og Vippsnummer.

– Vi samlar inn til og med nyårsaftan, seier ho.