Kommunestyret i Ulstein torsdag samrøystes at skiltet i Bakkegata,  som seier at det er forbode med motorvogn i tidsromet 08.10 - 08.40 måndag til fredag, skal bli vidareført fram til saka kan handsamast av teknisk utval. Dette utvalet har ikkje fleire møte i 2017 og saka vart difor lagt fram direkte i kommunestyret.

FAU ved Ulstein ungdomsskule har uttrykt ønske om at skiltet blir ståande på permanent basis.

Ifølgje sakspapira vil ikkje skiltet vere gjeldande i juleferien.

Både Trond Berg (KrF) og Magne Gurskevik (Ap) tok til orde for at ein må sjå på konsekvensane for andre vegar og gater i området når det skal vurderast om skiltet skal gjerast permanent. Trond Berg ønskte mellom anna at også levekårsutvalet fekk sjå på saka, og at ein får sett på den heilskaplege trafikksituasjonen i området.