Det er allereie ei kjent sak at tomtevalet for eit nytt helsehus på Hareid er gjort, og at det ikkje blei Ulstein Betong Constructer, med si tomt som ligg like mellom rådhuset og Melshorn Hotell, som blei valt.

– No har vi rive dei to husa og fjøsen som stod på tomta, og kan eigentleg setje i gong med noko nytt så raskt som mogleg. Men, fyrst er det litt arbeid som står att, seier Nils-Erik Skeide i Ulstein Betong Constructer til Vikebladet Vestposten.

Skal regulerast for bustader

Skeide har eigd tomta i fleire år allereie, men har ikkje bygd ut på ho. Planane har vore der, men så blei gangen vidare stoppa litt av Hareid kommune, då det blei snakk om å byggje kulturhus på tomta. Også hotellet har tidlegare ikkje ønskt at tomta skal regulerast slik tomteeigarane ville det.

– Vi har no fått grønt lys for å setje i gang med reguleringa som vi har forsøkt på i fem år. Det er gledeleg, seier Skeide.

Tomta vil primært bli regulert til bustadformål.

– Men ho ligg samstundes så sentrumsnært til at ein kanskje også kan sjå føre seg næringsareal i første etasje, og kanskje fleire etasjar. Når vi no går fullt i gang med regulering av tomta er det med tanke på best mogleg utnytting av tomtearealet.

Areal til kontor og næring

Sjølv om det ikkje blir helsehus på tomta til UBC ser ikkje Nils-Erik Skeide vekk ifrå at også næringslokala i deira bygg kan vere ein aktuell ny tilhaldsstad for NAV og andre aktørar.

– Om tida er der og vi er klare for det, så vil vi nok også tilby våre næringslokale, på lik linje med Hareid kommune, seier han.

Skeide fortel at Ulstein Betong Constructer seg føre seg eit form for bustadkvartal på tomta, men poengterer samstundes at første prioritet er å få regulert området.

– Så blir det å sjå korleis vi kan få til eit optimalt bygg, både med tanke på det visuelle og bruken av det. Det skal vere gunstige bygg, som igjen gjer at bustadane blir rimelege, seier Skeide og legg til:

– Hareid er ikkje ein toppmarknad for tida. Difor er det viktig for oss å jobbe med prisen på bustadane. Interessa er stor, det veit vi. Det gjeld berre å ha den rette prisen for folk flest.

Hjartesukk

Nils-Erik Skeide fortel at tomtekostnaden i dei ulike kommunane er ganske så forskjellig.

– Diverre har Hareid no lagt seg på ein tomtekostnad som ikkje er bra i forhold til marknaden, seier Skeide.

Han seier at det ikkje har noko med at ikkje tomta til Ulstein Betong Constructer blei valt til det nye helsehuset, men ønskjer samstundes å kome med eit lite hjartesukk.

– Eller ei uromelding, om du vil. Det er nemleg slik at når Hareid kommune no har gjort det valet dei har, og betalar betydeleg meir per kvadratmeter for den aktuelle tomta, så skaper det ringverknader eg ikkje trur dei heilt fattar konsekvensane av. Til slutt får kommunen ein tomtepris som eg trur vil ha påverking på den generelle tomteprisen i Hareid sentrum. I verste fall kan dette føre til at utviklinga i Hareid sentrum går i stå. Forventingane blir høgare. Ser ein mot Ulstein har kommunen vore påpasselege med å ikkje betale for mykje for kvadratmeteren. Eg føler det blir rart at dei tek den store kostnaden for den ganske avgrensa tomta, seier Nils-Erik Skeide.

Varaordførar Kristian Fuglseth (Folkelista) er både litt einig og ueinig.

– Det med tomteprisen har han heilt rett i. Den er mykje høgare enn det vi hadde føretrekt. Han har også rett i at å presse opp kvadratmeterprisen på dei sentrale sentrumsareala er uheldig. Men, sluttsummen på helsehuset blir ikkje noko større som følgje av dette tomtevalet. Kommunen kan ikkje kjøpe ei tomt som er mykje større enn det vi har bruk for, sjølv om kvadratmeterprisen er lågare. Då sit vi igjen med eit større areal enn vi har behov for. No kjøper vi ei tomt som er på det arealet vi treng, og som ligg på rett plass i forhold til miljøgateprosjektet, seier varaordføraren.

Positiv: Nils-Erik Skeide i Ulstein Betong Constructer ser fram til å bygge på tomta. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll
Sentrumshagen: Noko slikt som dette ser tomteeigar Ulstein Betong Constructer føre seg eit bustadskvartal på den aktuelle tomta i Hareid sentrum. Foto: Illustrasjon/UBC.