Verbalframlegg vedtatt under budsjetthandsaminga i Ulstein kommunestyre:

Frp, Ap og KrF:

Ulstein kommunestyre ber rådmannen sette i gang ein prosess med å konkretisere innsparingsmåla som kommunestyret har fastsett. Ein skal i prosessen skal involvere dei tillitsvalde slik at dei tilsette får medverke i arbeidet. Rådmannen skal i første møtet i formannskapet (februar) legge fram ei grov skisse på korleis ein skal fordele innsparingane på dei ulike ansvarsområda, gjerne med konkrete innsparingsframlegg. Saka skal så vidare til hovudutvala som skal gjere sine prioriteringar før formannskapet gjev si innstilling til kommunestyret i mars. Kommunestyret føreset at ein i perioden fram til innsparingane er vedteke handhevar strengt tilsetting-, vikar- og innkjøpskontroll.

Vedtatt mot to stemmer.

Frp, Ap, KrF og Sp:

Ulstein kommunestyre ber rådmannen legge fram ei sak om retningslinjer for investeringsprosjekt. Retningslinjene må mellom anna innehalde krav til kvalitetssikring av budsjett, reglar for bruk av reservekonto, vurderingar knytt til val av entrepriseform, reglar for handtering av endringar under byggeprosessen m.m.

Samrøystes vedtatt.

Frp, Ap og Sp:

Ulstein kommunestyre ber rådmannen om å legge fram ei sak der ein fastset handlingsreglar for betre økonomistyring. Døme på handlingsreglar er krav til eigenkapital ved investeringar, maksimal gjeldsgrad, krav til nedbetalingstid som samsvarar med levetida til investeringar, krav til størrelse på fond, resultatmål osb. Slik sak skal ligge føre i løpet av første kvartal.

Samrøystes vedtatt.

Ulstein kommunestyre legg til grunn at tilbodet om symjeundervisning ved Ulstein Arena skal vere likeverdig for krinsskulane og sentrumsskulane.

Samrøystes vedtatt.

Frp og Ap:

Ulstein kommunestyre ber rådmannen om å greie ut saman med dei andre kommunane i 7-stjerna om det finnes fleire tenester vi kan samarbeide om for å skape større fagmiljø og hente økonomiske gevinstar. Døme på slike tenester kan vere landbruksforvaltning, sentralbord, arealplanlegging, kart og oppmåling, byggesak, drift av grøntanlegg, drift av VAR-områda osb.

Samrøystes vedtatt.

Ulstein kommunestyre er positiv til å halde fram arbeidet med kommunereforma under føresetnad av at staten vidarefører omstillingsmidlane som låg til grunn før valet.

Vedtatt mot to stemmer.

Ulstein kommunestyre legg til grunn at investeringar i digitaliserte løysingar skal gi ei monaleg høgare innsparing enn investeringa kostar. Dei investeringane som gir best kost/nytte-verdi skal prioriterast først.

Vedtatt mot ei stemme.

Høgre:

Ulstein Høgre ber administrasjonen greie ut for den store kostnadssprekken innan helse og omsorg frå 1. til 2. tertial 2017. Dette skal skje i første møtet i formannskapet i 2018. I utgreiinga skal det gå fram ev. forventa refusjonsbeløp.

Samrøystes vedtatt.

Ulstein Høgre ber om at administrasjonen stadfestar innan 1. februar 2018 at ressursnivået i den kommunale barnehagen er lik eller lågare enn normert/nasjonalt nivå.

Samrøystes vedtatt.

Ulstein Høgre ber om at administrasjonen gir tilbakemelding til formannskapet i kvart møte om status på vedtatte innsparingstiltak med vekt på oppnådde resultat.

Samrøystes vedtatt.

Ulstein Høgre ber om at administrasjonen kjem med ei sak vedr. sal av parkeringsplassar til første møtet til formannskapet i 2018 der naudsynte konsekvensar blir belyste for å mogleggjere sal/framleige av parkeringsplassar i Ulstein Arena og Rome-prosjektet.

Samrøystes vedtatt.

Venstre:

Kommunestyret har som mål å avvikle eigedomsskatten snarast råd. Kommunestyret ber difor administrasjonen arbeide målretta for å få dette til.

Vedtatt mot sju stemmer.

Når det vert gjort endeleg vedtak om igangsetting av investeringar skal dei driftsmessige konsekvensar vere forsvarleg greidd ut og innarbeidast i dei aktuelle budsjett. I den grad det kan verte aktuelt, gjeld tilsvarande og for vedtak om å stille garanti, forskotere midlar eller gje tilskot.

Samrøystes vedtatt.

Administrasjonen vert bedd om å periodisere budsjettpostane slik at det vert betre samsvar mellom budsjett og rekneskap ved delårsavslutningane. Budsjettjusteringar gjennom året skal periodiserast tilsvarande. I god tid før framlegging av første delårsrekneskap skal administrasjonen legge fram den gjennomførte periodiseringa som melding til kommunestyret.

Samrøystes vedtatt.

KrF:

Ulstein kommunestyre ber om at det vert utarbeidd (rullert) ein Barnehageplan der det vert gjort greie for det samla barnehagetilbodet i kommunen. Planen vert å fremje som sak i løpet av 2018, men så tidleg at ev. økonomiske konsekvensar kan innarbeidast i budsjettet for 2019. Ei skisse for planen vert å legge fram for levekårsutvalet våren 2018 for drøfting/vurdering/innspel.

Samrøystes vedtatt.

I arbeidet med å styrke integreringa i kommunen, ber Ulstein kommunestyre at det vert fremja sak om utviding av introduksjonsprogrammet til 4 år.

– Ein føreset at kostnaden for år 4 vert dekt av statlege overføringar.

– Saka vert å fremje innan utgangen av april 2018

Samrøystes vedtatt.

Sp:

Ulstein kommunestyre ber administrasjonen legge fram ei sak i løpet av 2018 om kva det vil bety for eigedomsskatten dersom ein legg inn eit botnfrådrag.

Samrøystes vedtatt.