Varaordførar Steinar Torvik (KrF) presenterte fellesframlegget frå Frp, Ap, KrF og Sp då budsjett- og økonomiplanen for 2018 til 2021 vart handsama i Ulstein kommunestyre torsdag. Torvik slo fast at det har vore eit svært krevjande arbeid å kome i mål med årets budsjett. Han fortalde også at alle partia i kommunestyret var inviterte til å ta del i forhandlingane om eit fellesframlegg.

– Med eit forventa underskot for driftsåret 2017 på om lag 10–11 millionar kroner, og nye forpliktingar for kommunen i 2018, vart det fort klart at partigruppene sine prioriteringar av mange gode tiltak måtte reduserast til eit minimum, sa Torvik.

Les også: - Rammar blindt

Vil spare nærare 23 millionar

I fleirtalsframlegget er oppstart for byggefelt på Skeide flytta frå 2019 til 2020. Også oppstart for bygging av ny brannstasjon er flytta til 2020, og her er kostnadsramma redusert frå 33 til 25 millionar kroner. Her la Torvik til at dette uansett er eit estimat, sidan det ikkje er reia ut ei konkret sak på dette endå. Samstundes vart Ulsteinvik barneskule flytta fram frå 2020 til 2019 på lista over prioriterte investeringstiltak.

– I budsjettframlegget har vi lagt inn innsparing på driftsbudsjettet med om lag 1,5 prosent. Det medfører auka innsparingskrav i forhold til rådmannen sitt framlegg, med ei samla innsparing i perioden på 22,8 millionar kroner. Vi aukar rådmannen sitt forslag til fondsavsetting frå 26 til 30,5 millionar kroner. Samarbeidsgruppa meiner og trur at dette er eit budsjett som legg vekt på omstrukturering, sa Torvik.

Han la til at ein ikkje har kome i mål med å redusere gjelda til kommunen, og at ein i løpet av fireårsperioden i staden vil auke den med 8,4 millionar.

– Dette er så langt vi ser vi kan kome utan uforsvarlege kutt og nedskjeringar på kommunale tenester. Vi ser det ikkje som realistisk med eit tilsvarande resultat utan å innføre eigedomsskatt, sjølv om vi sterkt mislikar å sende denne skatten til våre innbyggjarar. Realitetane tilseier at vi framover er nøydde til å redusere driftskostnadane, samstundes som vi må ha kapital til gjeld og naudsynt fondsreserve, sa varaordføraren.

Må bruke eigedomsskatt til drift

Frp sin gruppeleiar, Alf Johan Antonsen, slo fast at budsjetthandsaminga og spesielt innføring av eigedomsskatt har ført til mange diskusjonar i partiet.

– Medlemmane våre valte til slutt å gå inn for eigedomsskatt. Her viser vi til at vi gjekk til val på å få økonomien i kommunen inn i sunnare former, fortalde Antonsen.

Frp er ikkje nøgde med at ein har sett seg nøydde til å bruke av eigedomsskatten til drift.

– Vi er ikkje der, dessverre, men måtte gje litt til dei andre partia i denne prosessen. Det var også viktig for oss at ein ikkje blåste opp budsjettet gjennom å auke skatteanslaget for neste år. Vi har hatt rekordhøg arbeidsløyse, og sjølv om ein ser auke i aktiviteten, så vil det truleg ikkje auke skatteinnslaget neste år, sa Antonsen.

Renate Rossi-Kaldhol (Ap) slo fast at rådmannen sitt framlegg til budsjett viste at Ulstein kommune ikkje har same spelerommet som tidlegare.

– Skatteinngangen er ikkje som den har vore og vi har også investert mykje i løpet av ein tiårsperiode. Det ser ein når ein køyrer gjennom Ulsteinvik.

– Ikkje berekraftig

Dette fører til at ein i år ender med å innføre eigedomsskatt, men Rossi-Kaldhol la til at det ikkje løyser alle utfordringar.

– Vi må også analysere organisasjonen og vurdere andre innsparingar. Det viktigaste oppdraget vårt er å sørgje for basisoppgåvene. Skal ein klare det så må ein tenke både drift og utvikling. Det er ikkje berekraftig å drive slik som vi gjer i dag, sa ho.

Lisa Mari Breivik Anderson (Sp) snudde i saka om eigedomsskatt frå formannskapet til kommunestyret.

– For oss er det spesielt viktig med to område, skule og omsorg. Vi ønskjer ikkje å kutte for mykje og det betyr innføring av eigedomsskatt. Dersom ein ikkje gjer det så vil det gå utover drifta. Skal ein sleppe å kutte for mykje i tenestetilbodet eller gjere tenestene dyrare så er alternativet eigedomsskatt, sa Breivik Anderson.

Ho la til at Sp prøvde å få med eit botnfrådrag på 500.000 kroner, men at dette ikkje kom med i fellesframlegget. I staden fekk Sp vedtatt eit verbalframlegg der ein ber administrasjonen sjå på kva det vil seie for eigedomsskatten dersom ein legg inn eit botnfrådrag.

SV sin representant i Ulstein kommunestyre gjekk også inn for eigedomsskatt.

Framlegget frå dei fire partia fekk 16 av 25 stemmer i kommunestyret. Høgre, Venstre og Jon-Åge Eidem frå Frp stemte imot framlegget.

Les også: - Avgjerande at kommunen framleis har musklar