– I år som i fjor tok Ulstein Høgre initiativ til eit samarbeid i formannskapet på tvers av partigrensene. Då vart det som kjent eit felles framlegg mellom alle partia, men det skulle ikkje gå slik i år. Vi respekterer dei ulike vala som er kome fram i årets budsjetthandsaming, men vi opplever det slik at fleirtalet har valt den enkle løysinga gjennom å krevje inn meir skatt.

Det sa Egil Ulfstein då han presenterte Høgre sitt alternative budsjettframlegg under kommunestyremøtet torsdag. Både Høgre og Venstre hadde eigne budsjettframlegg, begge utan innføring av eigedomsskatt.

– Høgre presenterer eit stramt framlegg utan eigedomsskatt. Vi legg ikkje skjul på at framlegget stiller store krav til administrasjonen om å kutte kostnadar. Den vanskelege løysinga. Det må administrasjonen sjå som ei tillitserklæring, meinte Ulfstein.

Han uttrykte forundring over at fleire av partia i kommunestyret gjekk inn for eigedomsskatt, og spesielt over at dei ønskjer å bruke den for å styrke driftsfondet.

Les også: - Ekstra krevjande

Ville tilpasse driftsnivået

Høgre ønskte heller å utforske andre alternativ.

– Vi ønskjer ikkje eigedomsskatten før vi har snudd alle steinar som det er mogleg å snu. Tida er inne for å tilpasse driftsnivået etter inntektsnivået, som vi kan forvente å ha framover, men i det inntektsnivået skal det ikkje vere eigedomsskatt.

– Ulstein Høgre er ingen tilhengjar av eigedomsskatt og vil sjølvsagt stemme mot den usosiale skatten som rammar alle. Eigedomsskatt er siste utveg. Det er den mest usosiale av alle skattar. Den rammar blindt og tek ikkje omsyn til om ein har god eller mindre god betalingsevne, slo Ulfstein fast.

Ifølgje Ulfstein trur høgre på aukande skatteinntekter i takt med aukande aktivitetsnivå i næringslivet.

– Vi les om positivitet i næringslivet og aukande aktivitetsnivå. Det viser den nedadgåande arbeidsløysestatistikken. Det er positivt lesnad, som vi håpar vi fortsette, sa Ulfstein.

Må løyse knuten sjølve

Også i Venstre var det sterk motstand mot eigedomsskatten.

– Det ser ut til at vi har fått ein økonomisk gordisk knute i Ulstein. Kven er det som har knytt denne knuten? Det ikkje innbyggjarane. Det er det politikarane og administrasjonen som har gjort, og dermed er det vi som må løyse opp knuten, ikkje berre skyve det over på andre, meinte Pål Grødahl, som presenterte Venstre sitt budsjettframlegg.

Grødahl og Venstre meinte at ein ikkje hadde gjort alt ein kunne for å spare inn kostnadar i kommunen.

– I vårt forslag er det ei bestilling på å sette i gang eit steinsnuingsprosjekt i Ulstein kommune. Vi føler ikkje det er prøvd hardt nok på å spare så langt.

Grødahl peika på at kommunen sparte inn 15 millionar løpande i fire år frå 2000, og at dersom ein klarte det då, så burde ein også klare å spare meir no.

– Vi skyldar innbyggjarane våre å prøve det før vi innfører eigedomsskatt. Det som er kjekt med eit slikt steinsnuingsprosjekt er at det kan vere veldig nyttig. Då kan vi skilje dei lovpålagde oppgåvene frå dei ikkje lovpålagde oppgåvene, og lettare sjå kvar vi kan spare pengar på dei ikkje lovpålagde arbeidet vi kanskje har gjort for mykje av.

Grødahl fortalde vidare at Venstre meiner kommunen har lagt seg til for gode vanar etter gode år.

Som Høgre hadde også Venstre tru på at kommunen vil få eit auka skatteinnslag framover.

Les også: - Avgjerande at kommunen framleis har musklar

Rådmann: Ulstein Høgre meinte administrasjonen, her ved rådmann Verner Larsen, burde få i oppgåve å gjennomføre kraftige kostnadskutt for å unngå eigedomsskatt. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes