– Vi hadde ein plan om å kome i gang på eit tidspunkt og å kome i mål på eit tidspunkt. I forhold til den opphavlege planen er vi to månader forseinka. Dei to månadene mista vi eigentleg i oppstarten, fortel Nils-Erik Skeide i Ulstein Betong Constructer (UBC).

Skeide fortel at UBC har god dialog med kjøparane.

– Det var nok fleire som hadde sett føre seg å kunne flytte inn til jul. Det gjekk diverre ikkje slik, men det er slik det kan vere i denne bransjen. bebuarane får flytte inn i midten av februar, seier Skeide til slutt.