Lakris er ein av mine favorittar når det kjem til snop og søtsaker. Både søt og salt lakris går ned på høgkant og har den seig karamell eller fudge-konsistens i tillegg er det enda betre. Oppskrifta på desse seige lakriskaramellene er veldig enkel og tek ikkje lange stunda å lage. Den søte karamell-smaken saman med lakris og havsalt er uslåeleg!

Lakrissmaken på karamellene varierer med type lakrisrotpulver du brukar, men smaken blir uansett god.. Når du skal lage lakrisen vil det vere lurt å ha eit sukkertermometer og å ha alt utstyr klart før du byrjar. Når du fyrst har fått kokt ferdig karamellen stivnar massen nemleg ganske så kjapt så her må du jobbe raskt.

Ingrediensar:

4 ss smør

1 1/4 dl sukker

0,6 dl mørk sirup

2 ss glukosesirup

0,6 dl kondensert søta mjølk

6 ss kveitemjøl

1 klype havsalt

ca. 1/2 ts svart pastafarge (eg har brukt av merket Wilton, ikkje nødvendig)

4-5 ts lakrisrotpulver (her er det brukt Johan Bülow lakrisrotpulver)

2 ts søt lakrissirup (Johan Bülow, kan sløyfast)

maldonsalt

Lag klart ei firkanta eldfast form eller liknande på 18 x 12 cm som tåler varme og kle med bakepapir som du smørar med litt smør.

Ha smør, sukker, mørk sirup, glukosesirup og søta kondensert mjølk i ein kjele over medium varme og lat det smelte. Kok opp massen under stadig omrøring. Skru ned varmen litt og la småputre under omrøring til det når 116 ºC. Har du ikkje termometer kan du la massen småputre i ca. 15 minutt, til alt sukkeret er smelta og du har ein glatt karamell. Når massen har nådd 116 ºC tek du kjelen frå varmen og har i kveitemjøl, havsalt og pastafarge og rører godt rundt. Tilsett lakrisrotpulver og evt. lakrissirup og bland det godt saman. Om du er usikker på mengda lakris kan du smake deg fram litt, men pass på både fingrar og tunge sidan massen er ganske varm. Hell ein dråpe karamell ned i eit glas med kaldt vatn for å ta ein smakstest utan å brenne av deg tunga. Hell massen ned i forma og fordel utover med ein slikkepott. Jobb raskt for å unngå at karamellen set seg fast i panna før du har fått den ut. Vent eit par minutt og strø deretter litt maldonsalt over og avkjøl det litt i romtemperatur. Set forma i kjøleskap og lat det stivne.

Etter eit par timars tid kan du ta ut forma og skjære lakris-karamell i passande bitar og pakke inn i papir. Oppbevar i kjøleskap.

mat: Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. Om spaltisten: Eg heiter Mari-Lene Korsnes og er for tida student i Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeider og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette på å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging! Foto: Privat