Ola Kalvø Vattøy (24) tok praten med lokalavisa kring sin nye praksisplass på snødekte Hareid stadion. Til dagleg studerer Ola Sports Management ved Høgskolen i Molde.

– Eg er veldig interessert i sport, og fotball spesielt. Difor tenkte eg at dette studiet kunne vere retninga som passa meg. Det har vore fulltreff frå starten av, seier Vattøy.

På nyåret kjem han til Hareid for å ha praksisplass i klubben som han kjenner svært godt.

– Det blir veldig spanande. Eg har snakka med dagleg leiar Anita (Waage, red.anm.), og vi har ikkje heilt funne ut av oppgåvene mine, men at det blir oppgåver som blir relevante for meg og mi studieretning er det ingen tvil om. Eg ser fram til å hjelpe til der det trengst, og til å bli enno betre kjent med klubben, seier Ola.

Han er allereie godt kjent med fotballgruppa, då han har spelt 86 kampar for A-laget til Hareid.

– Kvifor ikkje større klubbar som Molde og AaFK?

– Skulen samarbeider med fleire klubbar, som til dømes AaFK og Hødd. Men, det var eit enkelt val for meg. Eg hugsar berre kor velkomen eg følte meg då eg byrja å spele for A-laget i 2012. Eg kjenner godt til klubben, og eg veit at her får eg vere ein del av ein spanande organisasjon. Så følte eg også at eg måtte gje noko tilbake til Hareid, det har vore ein god klubb å vere ein del av, seier Ola Kalvø Vattøy.

Som også ser fram til å få lære frå tidlegare landslagsspelar og fleire gonger cup- og seriemeister Anita Waage, som kom tilbake til Hareid som ny dagleg leiar i 2014.

– Gjennom skulegangen i Molde lærer ein å drive ein fotballklubb med tanke på det administrative arbeidet, og eg gler meg til å sjå korleis Anita løyser ulike oppgåver her på Hareid, seier han.

Cupgeneral

Men ikkje nok med praksisplass. For han fekk også nyleg spørsmål om å ta på seg jobben med å vere cupgeneral for sjølvaste Grendacupen. Den tradisjonsrike romjulscupen i innefotball blir i år arrangert torsdag 28. og fredag 29. desember i Hareidhallen.

– Eg takka ja, og ser fram til det, seier han smilande.