Hareid kommune, Hareid IL og næringslaget går i hop med for å få til eit skikkeleg fyrverkeri i Hareid på nyttårsaftan.

Fyrverkeriet blir klokka ni på kvelden, så det blir eit barnevennleg arrangement. Det gjer det også mogleg for folk frå krinsane å kome inn til Hareid sentrum å vere med på dette, før dei markerer inngangen til det nye året i eigen krins.

Fyrverkeriet blir eit spleiselag mellom Hareid kommune (inntil 20 000 kr) bedrifter og privatpersonar.

– Eg håpar folk og bedrifter tar i litt så det blir eit fyrverkeri me seint vil gløyme, seier ordføraren.