- Ulstein Arena er eit fantastisk anlegg, eit løft for skulane, men også for bulyst, folkehelse og trivsel generelt i Ulstein kommune. No er det viktig for meg at det blir ein plass der alle har tilgang, og då meiner eg alle, sa Marianne Breivik (Ap) under åpen talarstol før kommunestyretmøtet i Ulstein torsdag.

Breivik meiner kommunen må legge til rette slik at alle innbyggjarane i Ulstein får tilgang til Ulstein Arena og Ulsteinbadet. Også dei som av ulike grunnar er i ein situasjon der ein ikkje har økonomi til å kjøpe seg inn.

Les også: - Ulstein Arena må vere for alle

- Kjerneverdiane til Ulstein kommune er mangfald, rausheit, omsorg og nyskaping. Desse håpar eg vi alle har under huda og skrivne i panna. I forhold til Ulstein Arena må vi då sikre at alle har tilgang, at alle barn, ungdomar og familiar kan nytte Ulsteinbadet, meinte Breivik, som la til at kommunen til dømes kunne gje årskort til dei som ikkje har økonomi til å ta del.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) svara at han har sjekka opp dette med NAV.

- Etter at ordninga med opplevingskort vart avvikla, så har vi ikkje noko ordning der familiar eller andre med lav inntekt får fri tilgang til fritidsaktivitetar. Derimot seier lov om sosiale tenester i NAV at ein skal sikre at alle barn er sikra å få lov å delta i fritidsaktivitetar. NAV gjer alltid ei vurdering av barna sine moglegheiter til deltaking i samfunnet når dei mottek søknadar frå husstandar med lav inntekt, fortalde Engh.

Han la til at eit årskort til Ulstein Arena ikkje ville kome inn under dette som ei generell rutine, men at Ulstein kommune kan ordne nokre gratiskort som NAV kan låne ut til aktuelle familiar eller einskildpersonar.

- Det ligg innanfor NAV sitt ansvarsområde å vurdere kven som ligg innanfor denne målgruppa, og det er ei oppgåve vi ikkje bør overlate til andre. Kartlegging må skje gjennom NAV. Eg vil syte for at NAV får til disposisjon nokre gratiskort til Ulsteinbadet, slik at dei kan låne ut desse, avslutta Engh.