Frå 1. januar kan ein større del av spelinnsatsen i grasrotdelen øyremerkast til frivillige lag og organisasjonar. Det vart vedtatt i statsråd fredag.

– Målet med å utvide grasrotdelen er å sikre endå betre økonomiske kår for dei frivillige. Gjennom grasrotdelen får folk moglegheit til vise si støtte til det idrettslaget eller den foreininga som ligg deira hjarte nærmast. Pengane er ei viktig inntektskjelde for små og store lag og foreiningar landet rundt, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Frå 2018 kan sju prosent av spelinnsatsen hos Norsk Tipping gå til valt lag eller foreining. Tidlegare har denne delen vore fem prosent. For spela Multix og Instaspill blir grasrotdelen auka frå 10 til 14 prosent.

Sidan lanseringa i 2009 er det samla inn meir enn to milliardar kroner gjennom ordninga. Éin million kundar hos Norsk Tipping har valt ein organisasjon som skal få prosentdelen deira, og meir enn 25.000 lag og organisasjonar får middel. For 2017 utgjer grasrotdelen om lag 465 millionar kroner.