Likningsverdien er ikkje det same som marknadsverdien på bustaden. Det er dei opplysningane du tidlegare har sendt Skatteetaten som dannar grunnlaget for likningsverdien.

Skatteetaten har laga ein bustadkalkulator der du kan rekne ut likningsverdien på bustaden. Der legg du inn når bustaden vart bygt, kva type bustad det er, storleik og kva kommune du bur i.

I 2017 nyttar Skatteetaten bustadverdiane frå 2015. For inntektsåret 2015 utgjer likningsverdien for primærbustader normalt 25 prosent av bustadverdien. Medan likningsverdien for sekundærbustaden normalt vil liggje på 70 prosent av bustadverdien.

Du kan krevje å få sett ned likningsverdien om likningsverdien overstig 30 prosent av marknadsverdien.

Rundt 2000 kroner

Kor mykje du skal betale i eigedomsskatt heng altså saman med kva bustaden din er verdt. Jo dyrare bustad, jo høgare skatt.

Bustadkalkulatoren frå skatteetaten nyttar likningsverdi for 2015, tettbygde strok og der husvære er nytta som primærbustad. Arealtala er gjennomsnittstal for gruppa.

Om du til dømes har ein einebustad frå 1990 på 228 kvm blir eigedomsskatten på 1524 kroner. Er bustaden frå 2010, og like stor, blir eigedomsskatten på 2019 kroner.

Eig du ei leilegheit på 99 kvm, som er bygt i 2010, blir eigedomsskatten 1089 kroner.

Og eig du til dømes eit småhus på 121 kvm, bygt i 2010, blir eigedomsskatten på 1151 kroner.

Det er byggjeår og areal på bustaden som hovudsakleg styrer kor mykje du må betale i skatt for bustaden.

– Kva om ein har pussa opp bustaden, verkar det inn på likningsverdien?

– Nei, det gjer det ikkje, svarer rådmann Verner Larsen. Han legg til at det kan vere hus i kommunen som blir rekne for å ikkje vere i tettbygd strok, då blir det også litt billegare, men det er ikkje store forskjellen.

Ulstein kommune vil dele opp rekninga, så du får innkrevjing to gonger i året.

Fritak for gardsbruk og ein del andre eigedomar

Ein del eigedomar slepp ein å betale skatt for. Det er fritak for kyrkje, kommunen sine eigedomar og eigedomar som blir drivne som gardsbruk eller skogbruk.

Det er også fritak på annan næringseigedom.

Stiftingar og institusjonar som tar sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten kan søkje kommunestyret om å få fritak for eigedomsskatten.

Og om du sit på ein bygning med historisk verdi kan du også søkje kommunestyret om fritak for eigedomsskatten.

Søknadsfrist for å sleppe å betale eigedomsskatt er sett til 15. februar.

Første rekninga kjem i første halvår

På neste kommunestyremøte skal det setjast ned ei takstnemnd og ei klagenemnd.

Den første innkrevjinga vil kome før 1. juni.

Rådmannen lovar at det vil kome meir informasjon om denne skatten etter kvart.

– Trur ikkje at det blir problem for våre kundar

Banksjef Endre Vatne i Nordea trur ikkje kundane deira vil få problem med å betale ein ekstra skatt på rundt 2000 kroner i året.

– Eg opplever det som mange busette i Ulstein og Hareid som har mista jobben har fått nye jobbar. Folk er meir mobile, ein del har kanskje fått jobb i Ålesund eller andre kommunar. Ein del har gått frå veldig godt betalte jobbar til mindre godt betalte jobbar, seier Vatne.

Han legg til at Nordea har fått få førespurnader frå kundar som slit økonomisk, så slik han opplever det trur han innkrevjing av eigedomsskatt i Ulstein på eit par promille av likningsverdien får lite å seie for økonomien til dei fleste. Men han ser ikkje vekk ifrå at ein del minstepensjonistar med eigedom vil merke det.

Vatne: Banksjef Endre Vatne i Nordea trur ikkje eigedomsskatten byr på store problem. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll